Lærar
Stillingsannonsen er inaktiv.Suldal kommune
Erfjord skule
40% stilling vikariat som lærar
Frå snarast tiil og med 31.07.21 har me ledig 40% vikariat som lærar ved Erfjord skule. Det kan bli aktuelt å utvide vikariatet.
Erfjord skule er ein barneskule med elevar frå 1. til 7. klasse med 78 elevar.
Me søkjer deg med fagleg kompetanse som vil vera med å utvikla eit godt skulemiljø der teamarbeid, klasseleiing, vurdering for læring og relasjonskompetanse står sentralt.
Kvalifikasjonar
Godkjent undervisningskompetanse for grunnskule.
Du må vera innstilt på å samarbeida og ha evne til å jobba målretta med undervisning og opplæring.
Du må vera fleksibel og positiv.
Ha pågangsmot og vera utviklingsorientert.
Suldalsskulane nyttar ny læreplan med læringsbrett.
Du må trivast saman med elevar og føresette.
Søknad frå andre uten undervisningskompetanse kan verta vurderte.
Generelt/Søknad sendast
For alle stillingar på skulen gjeld: Krav om politiattest ved tilsetting i samsvar med Opplæringslova § 10 - 9 som ikkje er eldre enn tre mnd.
Det er ikkje mogleg å leggja med vedlegg. Rettkjende kopiar av attestar og vitmnemål må takast med til eventuelt intervju.
Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt. Søkjarar som ikkje kan søkja via nett, ta kontakt med servicetorget tlf. 52 79 22 00.
Suldal kommune gjer merksam på at søkjarlistene kan verta offentleggjorde.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Suldal kommune
Adresse
Erfjordvegen 16, 4233 Erfjord
Suldal er ein del av Ryfylkeregionen og ligg nordaust i Rogaland. Det bur om lag 3800 menneske her. 1200 av desse bur i kommunesenteret Sand.Kommunen har eit godt og allsidig tenestetilbod. Det regionale kulturhuset for indre Ryfylke ligg i kommunesenteret Sand. Der ligg også regionalt idrettsanlegg og Suldalshallen.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 15. oktober 2020
Hentet fra: Suldal kommune
Referanse: enterprisesuldal.ryfylkeikt.no/recruitment/opening?0?1080/BS
Stillingsnummer: d52f74b1-59a2-4a51-a4a4-d192ddd52d79