Fôringsoperatør
Fôringsoperatør
Om stillinga:
Ser du for deg ei framtid i ei spennande næring i sterk utvikling? Ønskjer du å jobbe i ei pionérbedrift med gründerånd, flat struktur og triveleg arbeidsmiljø? Ønskjer du balanse mellom arbeid i felt og på kontor? Har du erfaring frå merdkanten og/eller med fôring av fisk? Då vil vi gjerne ha deg med i vårt team.
Som vår fôringsoperatør vil du:
- produsere kvalitetslaks til kundar i heile verda
- sørge for at fisken har det bra
- følgje nøye med på fisken si åtferd
- vere ansvarleg for å appetittfôre 2 millionar laks
- registrere vekstdata og fisken si åtferd
- annankvar veke, veksle mellom fjernfôring frå hovudkontor og arbeid på merdkanten
- drifte og vedlikehalde våre 9 matfiskanlegg
- ha tett dialog med driftsleiar og produksjonsleiar
- jobbe i team med andre matfiskoperatørar
- følgje våre HMS-rutinar og internkontroll
- rapportere og handtere avvik i produksjonen
- navigere båt og bruke teknisk utstyr
- gå inn i helgevaktordning kvar fjerde helg
- vere tilsett i Steinvik Fiskefarm (medlem av Steinvik-gruppa)
Som person er du:
- motivert av berekraftig matproduksjon
- glad i å jobbe ute i all slags vêr
- sjølvstendig, men også ein lagspelar
- ryddig og påpasseleg med hygiene (sidan ein jobbar med levande individ)
- ikkje redd for å rapportere avvik eller føreslå forbetringar i produksjonen
- klar for å løyse krevande utfordringar
- bidragsytar til eit godt og sikkert arbeidsmiljø
- flink til å ta ansvar for eiga rolle og oppgåver
- villig til å lære ny kunnskap om fag og fisk
- interessert i å ta i bruk nye verktøy
- omsynsfull overfor medarbeidarar, fisk og miljø
- datakyndig og flink til å tolke og framstille data
- merksam og observant på endringar i fisken si åtferd
Desse kvalifikasjonane ser vi etter:
- Fagbrev/utdanning og/eller erfaring innan akvakultur er ein fordel, men anna teknisk eller praktisk erfaring kan vere aktuelt då vi vil gje grundig opplæring
- Erfaring med fiskefôr og/eller fôring av fisk
- Førarkort (klasse B) og gjerne båtførarbevis
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Vi kan tilby:
- Eit triveleg arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver og utfordringar, i team og individuelt
- Moglegheit for opplæring, og fagleg og personleg utvikling
- Tett dialog med driftsleiar og produksjonsleiar
- Gode velferdsordningar
- Veksling mellom kontorarbeid og feltarbeid
- Nytt og moderne utstyr og gode fasilitetar
- Kontor på Steinvik (Kinn Kommune) og base på Seljeseth (Kinn Kommune) og Flokenes (Askvoll Kommune) i nærleiken av byane Florø og Førde
Vi har sterk lokal forankring og du må vere villig til å bu i Kinn/Sunnfjord/Bremanger. Derfor tilbyr vi ikkje turnusordning.
For meir informasjon om stillinga, kontakt dagleg leiar for Steinvik Fiskefarm, Erlend Vassbotten, på mobil: 908 87 770.
Send søknad og CV til: jobb@steinvik.no innan 20. mars, 2020.
Vi gler oss til å høyre frå deg.
Om bedriften
Vi er ikkje størst, men vi er uredd. Vi er ei lokalt forankra familiebedrift med globalt fotavtrykk. Derfor investerer vi i ny teknologi, i nærmiljøet, i bransjesamarbeid, og i menneska som kan hjelpe oss med morgondagens utfordringar. Slik lagar vi 30 millionar berekraftige laksemåltid årleg til kundar i heile verda.
Starten var i 1986 då Steinvik fekk sin fyrste konsesjon i sjø. I dag har vi 9 matfisklokalitetar, settefiskanlegg og rensefiskanlegg i naturskjønne Kinn, Bremanger og Askvoll – i nærleiken av byane Førde og Florø i Vestland.
Steinvik-gruppa har sterk gründerånd og har vore med på å starte opp dykkarselskapet Aquadykk, eksportselskapet Seaborn, utstyrsleverandøren Havsterk og driftfellesskapet Godfisken. Vi er òg medlem i Salmon Group.
Vi brukar ny, moderne teknologi og var tidleg ute med fjernfôring, effektiv ensilasje-handtering, og avlusing med rensefisk og thermolicer i brønnbåt. Vi investerer i bløggebåt og storsmoltanlegg.
Steinvik Fiskefarm går inn i ein spennande periode og no søker vi nye medarbeidarar som kan hjelpe oss med å løyse morgondagens utfordringar.