ID 1879 Helsefagarbeidar - Stord sjukeheim
Stord sjukeheim har i dag 103 pasientar fordelt på 6 avdelingar og skal utvida ytterlegare dei neste åra. Ledig stilling er på avdeling Backertunet. Backertunet er ein avdeling med 26 plassar tilrettelagd for personar med demenssjukdom. Avdelinga har fire åtskilte grupper og sansehage. Pasientane har relativt godt fysisk funksjonsnivå, men treng hjelp til aktivitetar i dagleglivet. Til denne stillinga så ynskjer vi oss ein kollega som er positiv, kreativ og har lyst til å arbeide med dei som er yngre og mest aktive.
Ved sjukeheimen arbeider me for å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning og eit godt arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåvene er både varierte og utfordrande.
Stord sjukeheim har ledige fast 80% stilling for autorisert helsefagarbeidar frå 15.08.22, men stillinga kan aukast til 100% gjennom vakter i vikarstab. Stillinga er i turnus dag/kveld med arbeid kvar tredje helg.
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert helsefagarbeidar.
- Det er ynskjeleg med erfaring frå eller interesse for arbeid med eldre eller personar som er ramma av demenssjukdom. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Avdelingssjukepleiar Solfrid Aasheim, tlf 53 45 45 05 eller 53 45 45 11, eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 97 55 20 97
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.