Sjukepleiar - 100% stilling
Org.nr.:964968330 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Askvoll legesenter har for tida stor arbeidsmengd, og søkjer etter sjukepleiar i 100% stilling for 1 års engasjement, med mogelegheit for fast tilsetjing. Askvoll legesenter er ein spennande arbeidsplass med interessante arbeidsoppgåver og godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver:
- Kundemottak/skrankearbeid
- Blodprøvar/vaksinearbeid
- Assistere legane ved div undersøkingar og behandling
- Arbeid på akuttrom
- Sårstell
- Rekvirere drosje/ambulanse
- Er medansvarleg for at den totale sjukepleietenesta vert utøvd i tråd med Askvoll kommune og etaten sine visjonar og mål
- Askvoll legesenter nyttar System X som dokumentasjonsverkty, og naudsynt opplæring vil bli gjeve
Kvalifikasjonar:
- Offentleg godkjend utdanning som sjukepleiar
- Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan andre med relevant praksis søkje og bli mellombels tilsett
- Dersom ein blir tilsett må ein kunne legge fram godkjend politiattest, ikkje eldre enn 3 månader
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
- Du må kunne vise omsorg og bry deg om andre menneske, og du må vise hensyn og respekt.
- Du må både kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre yrkesgrupper og med pårørande
- Personlege eigenskapar og fleksibilitet vert vektlagd ved tilsetjing
Vi tilbyr:
- Sjukepleiar vert løna kr 20 000,- over KS tariff per 100% stilling
- Pensjonsordning i KLP
- Fyttegodtgjerdsle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Seksjonsleiar Olaug Søreide, Tlf: +47 57734619, Mobil 99290964, Epost: olaug.soreide@askvoll.kommune.no
Om bedriften
Askvoll kommune ligg på kysten av Vestland fylkeskommune, med variert natur frå kyst til fjell. Kommunen har over 3000 innbyggjarar. Det er snøggbåtsamband med Bergen og Florø, bussamband til Førde og Dale, og ein time med bil til Førde. Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.