Ledig lærarstilling ved Vang barne- og ungdomsskule - Arkivsak nr. 19/ 84
Stillingsannonsen er inaktiv.Vang kommune
Vang kommune
Me har ledig 100% mellombels stilling for lærar ved Vang barne og ungdomsskule med snarleg tiltreding og fram til 31.07.19, med muligheit for forlenging. Stillinga kan delast på fleire, og vil bestå av undervisning i fleire fag på barnesteget og norskopplæring for minoritetsspråklege elevar.
Vang barne- og ungdomsskule er ein kombinert barne- og ungdomsskule, med klassetrinn frå 1. - 10. klasse.
Skulen er fulldelt og har omlag 205 elevar. Skulen har SMART-oppvekst som satsingsområde.
Skulen framstår som ny og moderne med flotte fasilitetar etter ei omfattande ombygging og påbygging i perioden 2014 - 2016.
Søkjarar med godkjent lærarutdanning vil bli prioritert, men andre med relevant utdanning og/ eller erfaring kan også bli vurdert.
Me ser etter lærarar som
- er gode klasseleiarar
- er i stand til å skape positive relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer
- er innstilt på å medverke i skulen sitt utviklingsarbeid
- er innstilt på å medverke til eit godt skulemiljø
- har god IKT-kompetanse
Personleg egnaheit vil bli vektlagt
Me tilbyr
- triveleg og godt fagleg arbeidsmiljø
- løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Kommunen har personalbustader for leige
Vang kommune nyttar nynorsk som målform
Spørsmål ved stillingane kan rettast til rektor: Tor Nordaas. Tlf: 61 36 94 31 / 470 87 727
Tilsetjing på ordinære vilkår som til eikvar tid gjeld i kommunal sektor. Me tek atterhald om at fast tilsette med retar etter HTA §2.3 har førerett til utviding av stilling.
Ved tilsetjing må ein legge fram gyldig politiattest.
Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast elektroniskog skal merkast med arkivsak nr. 19/84
Søknadsfrist: 17. februar 2019
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Vang kommune
Adresse
Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 28. februar 2019
Hentet fra: Vang kommune
Referanse: 7502
Stillingsnummer: d45ad4e0-47ce-4d39-8215-252bafc32290