ID 1859 Kommunelogoped - Førebyggjande tenester. 3 gongs utlysing
Det er ledig vikariat i 100% som kommunelogoped i tidsrommet 01.08.2022 -- 31.07.2023
Arbeids- og ansvarsområde:
- Oppfølging av enkeltbarn og elevar med språklege vanskar
- Utføre enkeltvedtak jmf. Barnehagelova §31 og Opplæringslova § 5-1
- Kartlegging og testing
- Rettleiing til føresette, skular og barnehagar
- Bistå barnehage og skule med kompetanse- og organisasjonsutvikling
Kvalifikasjonar:
- Godkjent logopedutdanning med master- eller hovedfag
- Gode muntlige og skriftlige norskferdigheter
- Erfaring fra arbeid med barn 0-16 år
- Erfaring med arbeid fra ulike logopediske områder
- Erfaring med systemarbeid og veiledning
- Me ynskjer deg som er:
- Engasjert og personleg eigna
- Systematisk, strukturert og sjølvstendig
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Påliteleg
- Har førarkort kl. B
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Eit positivt og godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy
- med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysingar hos einingsleiar Birthe Blokhus tlf. 92064415
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.