ID 1888 Teamleiar FACT ung team - Førebyggjande tenester
Kommunane Bømlo, Fitjar og Stord skal saman med BUP Stord oppretta eit FACT-Ung team frå hausten 2022. I samband med dette søkjer me etter:
Teamleiar 100% prosjektstilling i 4 år.
FACT-Ung teamet skal ivareta unge mellom 12-18 år med moglegheit til forlenging til 25 år, som har samansette og alvorlege vanskar. Ein skal gjennom å samla fleire tenester og kompetanse på tvers av tenestenivå gi tilrettelagt oppfylging og behandling til målgruppa som ikkje har fått tilstrekkeleg hjelp i dei ordinære tenestene. Grunnprinsippa i FACT-Ung er å vera der den unge er, oppsøkja og forankra tilbodet til den unge i tenesteapparatet, støtta opp om inkludering og sosial nettverksbygging for den unge, tilby den oppfylging som til ei kvar tid er naudsynt, tilby behandling i tråd med faglege retningslinjer og støtta opp under utdanning, arbeid, betring og sjølvhjelp.
For å lesa meir om kva FACT-Ung er så les meir her: https://rop.no/contentassets/522ce7943d444af98abff76a62461771/modellbeskrivelse-fact-ung-2022.pdf
Tilsette i FACT-Ung teamet vil bli tilsett, og ha sin arbeidsstad i Stord kommune samstundes som ein skal gje tilbod til barn og unge i alle tre kommunane noko som vil medføra ein del køyring mellom kommunane.
Teamleiar har det faglege ansvar for teamet i tillegg til ansvar for personal, drift og økonomi. Teamleiar rapporterer til leiar for Eining førebyggande tenester og har leiaravtale med denne der rettar, plikter og mål vert omtala. Teamleiar koordinerer og referansegruppa for FACT-Ung i samarbeidskommunane Bømlo, Fitjar og Stord.
Me ynskjer ein teamleiar som:
- vil rekruttere, utvikla og leia teamet i samsvar med modellen og i samarbeid med brukarar, tilsette og samarbeidspartar
- er resultat- og utviklingsorientert, legg vekt på kvalitetssikring og har evne til å nå dei måla ein set
- har arbeidsglede, godt humør og gode samarbeidsevner
- er truverdig, engasjert og samlande og gjer relevante val
- er positiv, initiativrik og strukturert
- veit korleis ein skal byggja god organisasjonskultur
Kvalifikasjonar:
- Teamleiar må ha 3 årig helse- og/eller sosialfagleg utdanning, det er og ønskjeleg med vidareutdanning i psykisk helse og/eller rus og førarkort kl. B.
- Personlege eigenskapar og relevant arbeidserfaring vert vektlagt.
- Den som vert tilsett må leggja fram politiattest. Jf helse- og omsorgstenestelova §5-4
Me kan tilby:
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy
- med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.