Sjukepleiar ved heimetenesta ytre sone
Me søkjer:
Sjukepleiar i 71,48% stilling ved heimetenesta ytre sone, Vindafjordtunet. Ledig frå 06.12.2020. Tiltredelse etter avtale.
Hovudarbeidsoppgåver
Heimesjukepleie. Hos oss får du ein spennande arbeidskvardag med mange forskjellige utfordringar og moglegheiter. Du vil møta pasientar med ulike helseutfordringar både akutt situasjonar og kroniske lidingar som krev langsiktig handsaming.
Kvalifikasjoner
Norsk autorisasjon som sjukepleiar og dokumentert gode norskkunnskap både munnleg og skriftleg.
Andre opplysninger
Base på Vindafjordtunet. Her har me brukarane i fokus og du får du vera med å utvikla tenestene ved din arbeidsplass på ein framtidsretta måte med fokus på eigen mestring og at våre brukarar skal få leva lengst mulig i eigen heim.
Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Ta kontakt med helsesjukepleiar viss du er i tvil. I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Personlege egenskaper
Du må vera fagleg dyktig, lika utfordringar, trivast i eit aktivt miljø. Vera løysingsorientert, ha gode samarbeidsevne og godt humør. Heimetenesta er i utvikling, så gode IT kunnskapar og interesse for velferdsteknologi er ei føresetnad. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Lønsvilkår
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Me kan tilby
- Variert arbeid i positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Tilsetjing på vanlege vilkår
- Fra løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
- Kommunalt kor, KORe' Vindafjord www.korevindafjord.no
Søknad sendes
Vindafjord kommune ber alle våre søkjarar å søkje på stillinga elektronisk. Du kan laste opp attestar og vitnemål som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk eller i rett format må dei takast med til intervju. Du kan komme med på offentleg søkjerliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering av søkjerliste.
Om bedriften
Vindafjordtunet ligg i Nedre Vats og er delt inn i Demensomsorga og Somatisk langtid. Demensomsorga har 38 plasser for personar med demens inkludert rulleringsopphald. Somatisk langtid har 14 plasser inkludert avlastingsopphald. Heimetenesta som gir tenester i Skjold, Vats og Vikebygd ( Ytre sone) har base ved Vindafjordtunet men høyrer inn under Ølen omsorgssenter. Dagsenter for heimebuande eldre og personar med demens er og på Vindafjordtunet 4 dagar i veka. Begge avdelingane har kvar sin avdelingssjukepleiar samt team sjukepleiarar. Me har fleksibel turnus - noko tilsette er svært nøgde med.