Barnevernkonsulent/sakshandsamar, vikariat
Stillingsannonsen er inaktiv.Ål kommune
Hallingdal Barnevernteneste
VIL DU VÆRE MED Å GJERE EIN FORSKJELL FOR BARN OG FAMILIAR SOM TRENG DET MEST?
HALLINGDAL BARNEVERNTENESTE ØNSKER NYE MEDARBEIDARAR SOM BRENN FOR ARBEID MED BARN, UNGE OG FAMILIAR.
Vi har ledig eit vikariat i 100 % stilling fram til 31.08.2022.
Tilsetting snarast.
Generelle kvalifikasjonar:
- Barnevernpedagog, sosionom eller anna relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå
- Erfaring frå barnevernfagleg arbeid og sakshandsaming
- Kjennskap til ulike metodar i barnevernfagleg arbeid
- Erfaring frå arbeid med barn, ungdom og familiar
- God skriftleg framstillingsevne
Vi legg vekt på desse personlege eigenskapane:
- Evne til å arbeide målretta, sjølvstendig og systematisk
- Gode refleksjonsevner
- Evner og ferdigheiter i å arbeide med barn, unge og foreldre
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, like å jobbe i team
- Møte andre menneske med ei respektfull og open haldning
- Tåle stort arbeidspress og høgt tempo
- God sosial kompetanse
- Positiv haldning og godt humør
Vi kan tilby:
- Eit spennande og dynamisk fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø med mykje engasjement
- Fleksibel arbeidstid
- Mogelegheit for fagleg utvikling og vekst gjennom fagleg rettleiing og intern opplæring
- Løn etter avtale
Politiattest
Stillinga krev politiattest og førarkort.Vi har nokre tenestebilar, men det er likevel ønskeleg at den tilsette kan disponere eigen bil.
Ved behov må arbeidstakar rekna med forskyving av arbeidstida,
Hallingdal barnevernteneste brukar dataprogrammet Familia som saksbehandlingsverktøy.
Sjå infofilm om Hallingdal barnevernteneste på Ål kommune si heimeside: https://www.aal.kommune.no/skule-og-barnehage/hallingdal-barnevern/
Send søknad
Send søknad med CV elektronisk via Ål kommune si heimeside, www.aal.kommune.no, ledige stillingar.
Søkjarar som ynskjer å være unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Dette vil du i såfall få varsel om.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Ål kommune
Adresse
Torget 1, 3570 Ål
Hallingdal barnevernteneste er ei interkommunal teneste for kommunane Hol, Ål, Gol, Hemsedal, Nesbyen og Flå. Ål kommune er vertskommune. Barneverntenesta er lokalisert sentralt på Ål. Hallingdal barnevernteneste er organisert i fire team.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 16. mars 2021
Hentet fra: Ål kommune
Referanse: enterprise-al.hdnett.no/recruitment/opening?0?787
Stillingsnummer: d3c6311c-baa1-48d9-89d7-900eabc0ef81