Logoped
Org. nr: - Stillingsident: 4244752218 Presentasjon av stillingen:
Ved Mork rehabiliteringssenter har vi ledig eit vikariat i 80% stilling som logoped.
Mork Rehabiliteringssenter er ein del av den spesialiserte rehabiliteringstenesta i Helse Møre og Romsdal. Vi legg vekt på rehabilitering med ei tverrfagleg tilnærming og høg fagleg kompetanse som byggjer på samhandling med pasient, pårørande og omgjevnadane.
Mork Rehabiliteringssenter har 18 døgnplassar og gir tilbod om rehabilitering til pasientar med komplekse funksjonsvanskar. Aktuelle diagnosegrupper er hjerneslag, erverva hjerneskadar, multitraumer, følgjetilstandar etter kreft, nevrologiske lidingar og andre med behov for spesialisert rehabilitering. Rehabiliteringssenteret dekker eit stort geografisk område og tek imot pasientar frå sjukehusa og kommunane i Møre og Romsdal.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging, undersøking, behandling og rettleiing av pasientar som har vanskar med tale, språk, språklige symboluttrykk, stemme eller svelg.
- Samordne tiltak i behandlinga, i samarbeid med andre faggrupper, familie og spesialisthelsetenesta.
- Samarbeide med aktuelle hjelpeinstansar, t.d. hjelpemiddelsentralen, afasiforeininga og logopedar i kommunane.
- Arbeid i grupper både med pasientar og pårørande.
- Medverke til fagleg utvikling innan eige fagfelt og i dei andre faggruppene, m.a. ved å delta på internundervisning, kurs etc.
Kvalifikasjonar
- Master i logopedi
- Godkjent logoped
Personlege eigenskapar
- Må kunne arbeide sjølvstendig, men samstundes fungere godt i tverrfagleg samarbeid.
- Dyktig til å samarbeide, motivere og skape gode interne og eksterne relasjonar
- Evne til sjølvstendig og systematisk arbeid
- Løysingsorientert og positiv
Vi tilbyr
-
Faglege utfordringar innan rehabiliteringsfeltet
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit særs godt tverrfagleg rehabiliteringsmiljø
-
Løn etter gjeldande overeinskomst
-
Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
-
Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Anita Myklebust Nybø, Seksjonsleiar, 70 16 89 00
Arbeidsstad
Rydet 16
6105 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4244752218
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Startdato: 10.08.2020
Sluttdato: 31.12.2021
Søknadsfrist: 21.06.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal