Pianopedagog
Om arbeidsstaden
Kulturskulen gir tilbod til elevar mellom 0-19 år og har i tillegg tilbod til elevar og vaksne som treng tilrettelagt undervisning. Kulturskulen gir tilbod i Manger krins, og har nokre tilbod i Sæbø og Hordabø krins. Kulturskulen går inn i Alver kulturskule frå 1.1.2020 og vert ein del av eit større nettverk og kollegium med fleire innafor same fagfelt.
Kort om stillinga
20 % pianopedagog fast stilling frå 1.8.2019.
Ansvar og arbeidsoppgåver
- Undervisning av elevar på ulike nivå
- Akkompagnering (bl.a. av blåseelevar, songlevar) er lagt inn i stillinga
- Ønskje at søkjar kan undervise noko besifring.
- Kulturskulen sin undervisning er stort sett frå 13.30
- Møtetid, plandagar på dagtid
Kompetanse
- Søkjare må ha musikkutdanning frå høgskole, musikkonservatorium eller tilsvarande
- Søkjare må ha pedagogikk.
- Søkjare må gode ferdigheiter på instrumentet og kunne akkompagnere blåseeelvar.
- Gode evner til å kommunisere med, sjå og bry seg om barn og unge
- Evne og vilje til samarbeid og til å bygge gode relasjonar
- Ansvarsfull
Du kan sende søknad slik
Send søknad elektronisk via Visma rekruttering. Bruk portalen på www.radoy.kommune.no under ledige stillingar.
Attestar og vitnemål kan du laste opp til søknaden eller du tar dei med til eit eventuelt jobbintervju.
Ta kontakt med sørvistorget tlf 56 34 90 00 viss problem med å registrere deg som søkar.
Om bedriften
Lindås, Meland og Radøy byggjer Alver kommune! Etter samanslåinga 1.1.2020 blir vi ei av dei største kommunane i fylket med om lag 30.000 innbyggjar og 2.500 tilsette. Kommunane våre ligg nord for Bergen, og har ein spennande og variert natur med alt frå lune fjordar og opne hav til høge fjellområde og lokale toppar. Vi har verdas beste korps og eit rikt kulturliv.>> For å løyse og utvikle alle dei ulike oppgåvene kommune er tillagt treng vi engasjerte og kompetente medarbeidarar - som vil oppleve at arbeidsoppgåvene og bidraget deira er meiningsfylt og del av eit viktig samfunnsoppdragYnskjer du å bu i Radøy kommune, kan du også gleda deg over eit rikt kulturliv.Radøy kommune skal slåast saman med Lindås, Meland og Radøy til Alver kommune frå 1/1 2020. Alle tilsette i Lindås, Meland og Radøy er garantert jobb i den nye kommunen. Den nye kommunen blir ein stor kommune med mange interessante leiarstillingar og fagstillingar.