Energimontør på Reed
Framtidsretta jobb med meining i SFE Nett
Har du lyst på eit meiningsfullt arbeid? Kloden vår ropar etter klimatiltak, og FN sine berekraftsmål syner tydeleg at fornybar energi er ein avgjerande del av løysinga.
I SFE Produksjon sine 26 kraftstasjonar gjer vi kvar dag om rein vasskraft til fornybar energi, og vi er i ferd med å auke bidraget vårt gjennom bygging av nye vind- og vasskraftverk.
SFE Nett driftar og byggjer straumnett som effektivt fraktar straumen ut og fram til kundane våre. I tillegg er eit robust straumnett nødvendig for å byte ut fossile utslepp med elektrisitet. Både utvinning av ny fornybar energi elektrifisering av samfunnet er avgjerande om vi skal lykkast med å redusere utsleppet av klimagassar.
SFE har eit viktig og framtidsretta arbeid framfor oss, og no ønskjer vi DEG med på laget vidare.
Er du klar?
SFE Net t har stor nybyggingsaktivitet i tilknytning til den auka elektrifisering av samfunnet og produksjon av ny fornybar energi, samtidig som vi må drifte og vedlikehalde eksisiterande nett for å sikre ei trygg straumforsyning. Vi har eit godt fagmiljø med brei og variert kompetanse innan prosjektering, bygging og drift av vår samfunnskritiske verksemd. Vi treng deg på laget som:
Energimontør
Dine hovudoppgåver:
Drift og vedlikehald av SFE Nett sitt overordna regional- og sentralnett
Du har:
Fagbrev som energimontør,
Du er:
- Ein person med godt humør og er i god fysisk form
- Er fleksibel, tek initiativ og liker å stå på
- Er oppteken av HMS og motivert for å vidareutvikle deg innan ditt fagområde
Oppmøtetad for stillinga:
Reed i Gloppen Kommune, men du må pårekne ein god del reiseverksemd
Link til søknadsskjema: Send søknad