ID 1906 Vernepleiar - Langeland skule
Langeland skule har ca. 410 elevar fordelt på 1. til 7 klassetrinn og innføringsklasse.
Det er ledig ei mellombels stilling i 100% som vernepleiar/miljøarbeidar. Tilsetjing snarast.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Oppfølging av 2 elevar med rettar etter Opplæringslova § 5-1 (spesialpedagogikk) og morsmålsopplæring etter Opplæringslova § 2-8 (særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar).
- I tillegg har skulen eit aukande behov for særskilt kompetanse for å hjelpa sårbare elevar.
Kvalifikasjonskrav:
- Vernepleiar/anna relevant utdanning
- Erfaring frå arbeid med elevar med fysisk, psykisk og sosial
- funksjonsnedsetting er ynskjeleg
- Erfaring frå arbeid med personar med autisme vil vera ei føremon.
- Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
- Spanande arbeidsoppgåver i eit utviklande fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og
- utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysningar får ein ved å venda seg til rektor Anita Eriksen
Om bedriften
Stord kommune er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland, og ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger. Stord er ein utviklingsorientert industrikommune med ein maritim sektor som er verdsleiande m.a. når det gjeld å utvikle grøne løysingar. Kommunen har ambisjonar som ein attraktiv vekstkommune under visjonen <<Saman om utvikling og velferd>>, og har mål om å bli nullutsleppskommune innan 2030. Stord har mange og varierte tilbod innanfor privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett, kultur og friluftsliv. Kommunen har nær 19.000 innbyggjarar.