Barnehagelærarar
Org. nr: - Stillingsident: 4197000209 Presentasjon av stillingen:
Vi treng barnehagelærarar for å utvikle oss framover.
Gloppen kommune har tre kommunale barnehagar. Alle barnehagane i Gloppen jobbar med kvalitet og leiing /resultatleiing. Gloppen kommune er med i utdanningsdirektoratet si satsing på inkluderande barnehage og skulemiljø. Administrasjonsmålet er nynorsk. Kommunen har god barnehagedekning og er ein av dei fremste kulturkommunane i landet. Det er låg arbeidsløyse i kommunen og både næringsliv og kommunen har trong for kompetente medarbeidarar på nær sagt alle kompetansenivå. Besøk kommunen si nettside for informasjon om kommunen og kva vi har å by på.
I tillegg til stillingane som er nemnde under, dekkjer denne utlysinga også stillingar som måtte verte ledige fram til barnehagestart. Søkjarar vert oppmoda om å prioritere arbeidsstad i søknaden.
Arbeidsoppgåver
Den tilsette skal ha ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av pedagogisk arbeid. Den tilsette må jobbe i tråd med resultatleiing og den beste praksis som er definert og med rammeplanen og årsplan for barnehagen.
Aktuelle arbeidstadar:
Mona barnehage : Barnehage med 6 avdelingar på Sandane.
Satsingsområde er språk og friskliv.
Assisterande styrar 100 % fast stilling, med 40 % administrasjon og 60 % avdeling.
Pedagogisk leiar 100 % vikariat barnehageåret 2020-2021.
Meir informasjon om barnehagen: https://mona.barnehage.gloppen.no
Breim barnehage : Barnehage med 5 avdelingar på Reed.
Satsingsområda til barnehagen er Språk, Entreprenørskap og Løft.
Barnehagelærar inntil 100 % fast stilling.
Meir informasjon om barnehagen: http://breimbarnehage.no
Hyen skule og barnehage : Barnehagen har 1 avdeling og har felles administrasjon med skulen. Følgjande stilling er ledig frå snarast.
Pedagogisk leiar 100 % fast stilling, med erfaring, der noko av stillinga vil vere eit pedagogisk ansvar for barnehagen si drift. Det er ynskjeleg med spesialpedagogisk kompetanse/utdanning.
Meir informasjon om barnehagen: http://www.hyen.skule.no
Kvalifikasjonar
Vi ynskjer barnehagelærarar som har:
- Godkjent pedagogisk utdanning for arbeid i barnehage (barnehagelærar).
- Digital kompetanse.
- Migrasjonskompetanse/spesialpedagogisk kompetanse.
- Kan nytte nynorsk som skriftspråk og snakke godt norsk.
- Det er ynskjeleg at aktuelle søkjarar har fokus/kompetanse på språkutvikling, livsmeistring og Circle of security (COS).
- Barnehagane er praksisbarnehagar, så erfaring eller kompetanse innan rettleiing er ynskjeleg.
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer etter engasjerte medarbeidarar som er opptekne av endringsarbeid og som er reflekterte kring fagleg utvikling.
- Våre nye medarbeidarar må vere ansvarsbevisste, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i team.
- Dei må ha fokus på samspel og relasjon og det å vere ein del av kontinuiteten på avdelinga.
- Erfaring i forhold til satsingsområda til den einskilde barnehage vil telje positivt.
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø og barnehagar med fokus på fag og utvikling
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkjår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
- Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Med atterhald om interne søkjarar og overtal i kommunen.
Kontaktinformasjon
Else Lundestad Bakkelid, Barnehagestyrar Mona barnehage, 970 95 123
Anette Støyva, Barnehagestyrar Breim barnehage, 468 73 568
Vigdis Henden, Rektor Hyen skule og barnehage, 458 73 989
Arbeidsstad
6823
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Gloppen kommune
Referansenr.:4197000209
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.03.2020
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 -- 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Gloppen har full barnehagedekning og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Her er eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra både som årets kulturkommune og årets musikkommune.