Sjukepleiar, 100 % stilling
Org. nr: - Stillingsident: 4400721668 Presentasjon av stillingen:
Me har ledig 100 % stilling som sjukepleiar ved Teiglandshagen bufellesskap på Moster. Avdelinga har 16 plassar øyremerka for pasientar med demensdiagnose, og du vil arbeide samane med eit dyktig kollege beståande av sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar.
Alle våre brukarar treng tett oppfylging og me legg stor vekt på miljøarbeid for å skape gode og meiningsfylt kvardagar.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til, og vere med å utvikle fagkompetansen som personell må ha i møte med pasientar med demens
- Dokumentasjon, skriftleg og munnleg
- Miljøretta arbeid
Kvalifikasjonar
- Bachelor i sjukepleie, gjerne med erfaring frå arbeid med demens
- Interesse for og kompetanse innan IT, velferdsteknologi og bruka av digitale verktøy for informasjon og læring
Personlege eigenskapar
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Me ser etter empati, engasjement, fleksibilitet, gode samhandlings- og samarbeidsevner.
Me tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø.
- Gode moglegheiter for fagleg påfyll
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov - og avtaleverk
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
Kontaktinformasjon
Ann Heidi Mathisen, 53 42 37 90
Arbeidsstad
Teigland 1
5440 Mosterhamn
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bømlo kommune
Referansenr.:4400721668
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.07.2021
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause , modige og engasjerte medarbeidarar.
Raus -- hos oss er det takhøgde, det er lov å prøva og feila. Me er lyttande, møter menneske med respekt, er inkluderande i vår omgang med andre og i utøving av arbeidet vårt. Me byggjer relasjonar og ser på mangfald som ein ressurs
Modig -- me vågar å tenkje utanfor boksen, me er kreative, prøver, ser moglegheiter, me er handlekraftige, står for det me gjer, tek nye utfordingar, toler endring, ser at omstilling er nødvendig og er opptatt av utvikling som betrar tenestene.
Engasjert -- driftige medarbeidarar som er opptekne av jobben sin, av å yte gode tenester og utvikle seg og sine kollegaer for å yte sitt beste. Dette får ein til igjennom samarbeid internt og samskaping eksternt.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.