Ungdomsklubbarbeider
Ungdomsklubbarbeider
Sist endret: 12.06.2019 Del på Facebook Del på Twitter Send Epost Skriv ut
I eining for kultur er det ledig stilling som ungdomsklubbarbeider 16% frå 15.08.2019, ID 521.
Kort om kommunen
Nissedal kommune i Telemark er ein kommune i vekst med om lag 1430 innbyggjarar. Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Nisser er den største innsjøen i Telemark og eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell. Næringslivet i kommunen er variert, og viktige næringsvegar er jord- og skogbruk, bygg og anlegg, industri, kraftforsyning og reiseliv. Om stillinga
Kvalitetskrav:
Ynskje om at søkjar har fagbrev som barne- og ungdomsarbeider eller anna relevant utdanning/praksis.
Me søkjer etter tydeleg og reflektert medarbeider som veit å byggje gode relasjonar med barn og ungdom.
Personleg dugleik og referansar vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Me kan tilby:
- Inkluderande og positivt arbeidsmiljø
- Spennande arbeidsoppgåver
- Løn etter gjeldande tariff
Kvalitetskrav og - ynskje:
- Positiv haldning og kunnskap om ungdom og ungdomsmiljø
- Stort engasjement og arbeidsglede
- Lyst og evne til å bidra til ein god ungdomsklubb
- Gode samarbeidsevner, fleksibilitet og ynskje om å ta utfordringar
- Personleg dugleik vil bli vektlagt
Ungdomsklubben er ope kvar onsdag og kvar fredag. Stillinga som er lyst ut, har 6 timars arbeidstid, der det er ope frå kl. 17.00 -- 22.00, med ein halv time for og etterabeid kvar fredag. Det kan vere mogleg å søkje på halve stillinga, annakvar fredag, om det er ynskjeleg.
Ved interne tilsettingar kan andre stillingar bli ledig.
Nærare opplysningar får du ved å kontakte einingsleiar Anne M Espelid, på telefon 35 04 84 94 eller på e-post anne.espelid@nissedal.kommune.no
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25.
Søknad på elektronisk søknadsskjema
Søknadsfrist: 25.06.2019