S-02 Fellesutlysning lærarstillingar-fast/vikar,frå 01.08.21
Tysvær kommune har 8 grunnskular med 1650 elevar fordelt på fem barneskular, to kombinerte skular og ein ungdomsskule. Frå 01.08.2021 treng vi fleire dyktige og inspirerande lærarar til faste stillingar og vikariat.
Vi søkjer
Visjonen for Tysværskulen er "Læring for livsmeistring". Vi søker lærarar som kan vere med å gi elevane ei framtidsretta opplæring i trygge og gode læringsmiljø. Elevane våre skal møte dyktige og engasjerte lærarar som lyttar til dei og motiverer dei for læring i alle fag og på alle trinn. Viktige stikkord for Tysværskulen er god klasseleiing, grunnleggande ferdigheter, digital utvikling, høg kvalitet i opplæringa og høgt læringsutbytte for elevane. Vi har fokus på profesjonelle læringsfellesskap der arbeid med nye læreplanar står sentralt.
Vi tilbyr
Det siste året har lærarane i Tysværskulen vist stor omstillingsevne og kreativitet og tatt i bruk digitale læringsverktøy på nye måtar. Tysværskulen er kjenneteikna av god delingskultur på og mellom skulane, med fokus på skuleutvikling, profesjonsfellesskap og godt samarbeid. Som lærar i Tysvær får du god støtte både internt og eksternt, i samarbeid med kollegaer, skuleleiinga, kommunale støttesystem og skuleeigar.
Krav til kompetanse
Krav om godkjent undervisningskompetanse (Opplæringslova §10-1 jfr. forskrift til opplæringslova §14) og
godkjent politiattest.
Lønnsvilkår
Løna blir fastsett etter reglane i Hovudtariffavtalen og etter utdanningsstatus og ansiennitet.
Slik søker du
Søkarar må bruke det elektroniske søknadsskjemaet som ligg på kommunen si nettside: tysver.kommune.no.
Spørsmål om korleis du søker, kan rettast til Servicetorget på telefon: 52 75 70 00.
Eventuelt intervju vil bli gjennomført digitalt, og etter nærare avtale må du då kunne legge fram vitnemål og attestar.
Før eventuell tilsetting må ein vise fram godkjend politiattest, ikkje eldre enn 3 månader. Merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling. Attest skal ikkje leggjast ved søknad.
Om bedriften
Tysvær kommune er sentralt plassert på Haugalandet med 11000 innbyggjarar. Kommunesenteret Aksdal ligg berre 13 km sør-aust for Haugesund med gode kommunikasjonar mot Bergen og Stavanger og kort veg til flyplass. Tysvær er ein vekstkommune med ein særs ung befolkning, og har flotte tilbud innan kultur og idrett. Barnehagar og skular er moderne og gir gode tilbud i dei ulike delane av kommunen. Vi gjer merksam på at berre tilsette i Tysvær kommune (fast eller vikar) kan søkje stillingar som merka INTERN i overskrifta