Fagsjukepleiar/Operasjonssjukepleiar. - Kirurgisk serviceklinikk
Stillingsannonsen er inaktiv.Helse Bergen
5021 Bergen
Org. nr: - Stillingsident: 4026271991 Presentasjon av stillinga:
Kirurgisk serviceklinikk (KSK) er ein av dei største klinikkane ved Haukeland universitetssjukehus og har medansvar for varierte og høgspesialiserte tenester knytt til akuttmedisin, intensivmedisin og operasjonsverksemd, samt smertebehandling og palliasjon. KSK er delt i 15 ulike seksjonar og ein avdeling.
Kvar seksjon er leia av ein seksjonsleiar med personal- og resultatansvar. Klinikken har stor undervisings- og forskingsaktivitet.
KK/Auge seksjonen gir tenester til Kvinneklinikken og Augeklinikken innafor fagområda gynekologi, obstetrikk og auge.
Dette er ei 100% operasjonssjukepleaiar stilling kor 50% er knytt til funksjonen fagansvar og 50% er knytt til klinisk arbeid. Dette inneber spennande og varierte arbeidsoppgåver og gir gode høve for vidareutvikling av
operasjonssjukepleiefaget.
Vi søkjer ein medarbeidar som med sin veremåte bidrar til eit positivt og godt miljø for utvikling og teamarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene knytt til funksjonen fagansvar inneber medansvar for fagleg opplæring og oppfølging avseksjonens medarbeidarar og nytilsette
- Utarbeiding og oppdatering av seksjonens prosedyrar, sertifiseringar og opplæringsplanar
- Førebuing og organisering av undervising og fagdagar
- Opplæring i elektromedisinsk utstyr
- Tett dialog og samarbeid med klinikkens seksjonsleiar, ass seksjonsleiar, seksjonsoverlege, ansvarleg kirurg og fagutviklingsjukepleiarar
- Andre arbeidsoppgåver kan og vere aktuelle
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vidareutdanning i operasjonssjukepleie
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Erfaring frå utvikling av rutinar og prosedyrar er ønskjeleg
- Kunnskapsbasert utdanning er ønskjeleg
- Gode IKT-kunnskapar
Utdanningsretning
- Sykepleie
- Sykepleie videreutdanning
Utdanningsnivå
- Høyskole / Universitet, Diplom- / Bachelorgrad
Personlege Eigenskapar
- Engasjement og interesse for å utvikle operasjonssjukepleie er ein føresetnad
- Du er sjølvstendig, strukturert og ansvarsbevisst
- Du er samarbeidsvillig, fleksibel og tilpassingsdyktig
- Du arbeider målrettet og får arbeidsoppgavene gjort
- Du har gode kommunikasjonsevner og trivast med å arbeide i team
- Du likar å undervise enkeltvis og i grupper
- Du ønskjer å bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Spennande arbeidsplass
- Fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Kontaktinformasjon
Marie Terkelsen, Seksjonsleiar, 90094364
Arbeidsstad
Bergen
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Bergen
Ref. nr.:4026271991
Stillingsbrøk: 100%
Fast heltid
Tal på stillingar: 1
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4026271991&company_id=5301106&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Adresse
Jonas Lies vei 72, 5021 Bergen
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 25. mai 2019
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4026271991_Helse Bergen_webcruiter
Stillingsnummer: d26466b4-a691-459c-8b80-514eefeb7d60