Sjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4201861489 Presentasjon av stillingen:
Vil du vere med på å forme, utvikle og yte gode tenester i open omsorg? Me i open omsorg, søkjer etter deg som er engasjert, dedikert, og ynskjer å yte trygge og gode tenester med høg fagleg kvalitet for brukarane våre.
I arbeidet vårt, får du møte pasientar i alle aldrer og med stor variasjon i hjelpebehov. Du får moglegheita til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje ny erfaring, i eit miljø som er oppteken av å vere fagleg oppdatert. Me har fokus på å gje brukaren høgare livskvalitet og høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/tiltak.
No søkjer med etter ein sjukepleiar i 100 % stilling. Stillinga går i 2-delt turnus med arbeid kvar 3.helg. Helgefrekvensen kan endrast til kvar 4. helg i samband med omlegging til kalenderturnus frå 2021.
Arbeidsoppgåver
- Yte fagleg forsvarleg teneste til brukarane
- Kartlegge sjukepleiebehov, prioritere og iverksetje tiltak
- Arbeide tverrfagleg og dele di fagkunnskap
- Bidra til utvikling av tenesta og eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant erfaring og kjennskap med brukargruppa
- Tverrfagleg forståing - saman yt me best teneste
- Gode grunnleggjande datakunnskap
- God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg
- Førarkort kl. B
- Godkjent politiattest må leggast fram ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Positiv, fleksibel og løysingsfokusert
- Fagleg engasjert, ansvarleg og har evne til etisk refleksjon
- Vere strukturert og god evne til å arbeide sjølvstendig
- Evne til å takle utfordringar og finne gode løysingar
- Gode kommunikasjonsferdigheiter
- Personlege eigenskapar for stillinga vert tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Stillingsstorleik: 100 %
- Høgt fagleg nivå i personalgruppa
- Eit hyggeleg og inkluderande arbeidsliv
- Løn etter kommunalt regulativ
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP
- Ein arbeidsplass som er IA-verksemd, og har gode rutinar for oppfølging og tilgong til bedriftshelseteneste
Kontaktinformasjon
Birthe Tveit, Einingsleiar open omsorg, 918 22 616, birthe.tveit@tysnes.kommune.no
Hildur Heie, Kommunalsjef helse- og sosial, 976 57 601, hildur.heie@tysnes.kommune.no
Arbeidsstad
Open omsorg
5685 Uggdal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Tysnes kommune
Referansenr.:4201861489
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.03.2020
Om bedriften
Tysnes kommune er ei øygruppe i Sunnhordland, litt sør for Bergen. Samla areal er på 255 km^2^ og innbyggartalet er på om lag 2800. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.