Helgestilling avlasting born/bueining for funksjonshemma
Stillingsannonsen er inaktiv.Vaksdal kommune
5722 Dalekvam
Org.nr.:961 821 967 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Ledige helgestillingar - avlasting for born/bueining for funksjonshemma
Vi har ledige helgestillingar, både for avlasting for born og for fastbuande vaksne i Elvevegen.
Det er ulike typar helgekombinasjonar, frå kvar 4. helg til annakvar helg. Stillinga kan kombinerast med eksisterande stilling i helse og omsorg i Vaksdal kommune.
Stillingsstorleik vil variere ut frå type helgekombinasjon. Skriv i søknaden kva du kunne tenkje deg.
Krav til kompetanse
- Ynskjeleg med helsefagleg bakgrunn
- Erfaring frå arbeid med born, personar med utviklingshemming eller anna type arbeid med menneske kan vege opp for manglande utdanning
- Godkjent politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Likar å jobba i eit miljø med varierte oppgåver
- Evnar å sjå heilskapen i tenesteflyt, samt finne dei gode løysingane
- Evna å bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima mellom tilsette, borna/brukarane og pårørande
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Lønsvilkår
- Etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Vaksdal kommune kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Slik søkjer du
Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Treng du hjelp, kan du venda deg til Innbyggjarservice tlf: 56 59 44 00, eller personalavdelinga tlf: 95 52 75 04 Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Maren Amanda Thorkildsen, Mobil +47 95987676, Epost: maren.amanda.thorkildsen@vaksdal.kommune.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Adresse
Konsul Jebsensgata 16, 5722 Dalekvam
Vaksdal kommune har ca. 4.000 innbyggjarar. Kommunen ligg sentralt til mellom Voss og Bergen. Bergensbanen og E16 går i tunnel gjennom store delar av kommunen. Reisetid med tog frå Bergen er omlag 45 minutt, frå Voss omlag 35 minutt. Sentral plassering gjer at ein kan nyta godt av både by- og bygdekultur. Kommunen har eit rikt organisasjonsliv med musikk, idrett og lagsliv.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 31. januar 2021
Hentet fra: stepstone
Referanse: vac2624935dep190743_Vaksdal kommune_stepstone
Stillingsnummer: d1d56054-3c5b-421b-8263-6c0749c07901