Fysioterapeut - vikariat i 100 % stilling 20/274
Ledig vikariat frå 01.04.20 - 31.01.21 med ansvar for behandling av vaksne. Stillinga er knytt til avdeling for helse og aktivitet lokalisert på Sirkelen, og ein vil ha eit nært samarbeid med andre helse- og omsorgstenester der.
Arbeidsoppgåver:
Oppfølging av innbyggjarar som treng fysioterapibehandling, individuelt og i grupper
Hovudoppgåver:
- individuell behandling
- oppfølging og behandling i samarbeid med psykisk helse
- bassenggrupper
- grupper i sal
- samarbeid med og hjelpa til på institusjon, rehabiliteringsteam og frisklivssentral ved behov
Kvalifikasjonskrav
- fysioterapeut
- gode samarbeidsevner
- evne til å arbeida sjølvstendig og vera ein fagleg trygg person
- gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
Ønska kvalifikasjonar
- erfaring frå kommunehelsetenesta
Andre opplysingar
- Personleg egnethet og erfaring med klinisk behandling individuelt og i grupper vert vektlagt
- Den som vert tilsett må ha sertifikat for bil
Om bedriften
Avdeling helse og aktivitet består av tenester som fysioterapi, ergoterapi, kvardagsrehabilitering og frisklivssentral. Det er ei avdeling med eit aktivt og engasjert fagmiljø.