Seniorrådgivar for prosjekt og porteføljestyring
Vi søker etter
I samband med ny organisering i Møre og Romsdal fylkeskommune frå 2020, har vi innført porteføljestyring som ein del av verksemdstyringa. Vi søker no etter ein seniorrådgivar for prosjekt og porteføljestyring. Stillinga ligg til seksjon for tenesteutvikling og digitalisering i stabsavdelinga for organisasjon og tenesteutvikling.
Du får jobbe med
Du skal vere rådgivar for prosjekt-/programarbeid og porteføljestyring, samt koordinere og følge opp årshjulet for porteføljestyring og aktivitetar på prosjektarenaen. Porteføljestyringa inngår i verksemdstyringa og skal bidra til å nå dei strategiske måla til fylkeskommunen. Rolla er sjølvstendig, men utøvast med støtte frå og i samarbeid med organisasjonssjef og seksjonsleiar.
Porteføljestyring handlar om å identifisere, prioritere, iverksette og sikre oppfølging av organisasjonen sine utviklingsprosjekt og programsatsingar (vegprosjekt og bygg- og eigedomsprosjekt inngår ikkje). Det inneber også å gi støtte til gevinstplanlegging og oppfølging av gevinstrealisering både undervegs og etter prosjektavslutning.
Prosjektarenaen er sentralt plassert i organisasjonen for å sikre samarbeid om og gjennomføring av større prosjekt og program. Dette er både ein fysisk og digital møteplass for kompetanse- og nettverksbygging og samarbeid om samfunns-, teneste- og organisasjonsutvikling. Fylkeskommunen ønsker å styrke tverrfagleg og verdiskapande samarbeid mellom nivå og fagområde i organisasjonen og med eksterne samarbeidspartar.
Hovudoppgåver til stillinga
- Følge opp, fasilitere og koordinere aktivitetane i årshjulet for porteføljestyring:
- Behovskartlegging, ideutvikling, risikovurdering og gevinstplanlegging
- Utarbeide prioriteringsgrunnlag, kvalitetssikre og legge fram saker for fylkeskommunedirektøren sitt
porteføljestyre - Utvikling, iverksetting og oppfølging av prosjekt og program
- Gi støtte til prosjekt- og programleiarar for å sikre måloppnåing (kvalitetssikring og oppfølging undervegs)
- Gi støtte til leiarar og porteføljestyra
- Vidareutvikle rammeverk og verktøykasse for prosjekt-, program- og porteføljestyring
- Utvikle, planlegge og gjennomføre kompetansetiltak
- Administrere den digitale portalen til prosjektarena
Til denne jobben, søker vi deg som har
- minst 3-årig relevant høgare utdanning
- dokumentert erfaring frå prosjekt- og utviklingsarbeid (og ev porteføljestyring)
- erfaring med å drive opplæring
- erfaring med prosessleiing
Det er også ønskeleg at du har
- sertifisering i Prince 2, MoP, MSP eller tilsvarande formell kompetanse innan prosjektmetodikk
- kompetanse i innovasjonsmetodikk (eks. Design Thinking)
- erfaring frå innovasjonsprosessar
- erfaring frå gevinstplanlegging og gevinstrealisering
- kunnskap om eller erfaring frå offentleg forvaltning
Vi vil elles legge vekt på at du
- arbeider strukturert og sjølvstendig
- har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- har innsikt i og interesse for innovasjon og digital utvikling
- er målorientert og har god gjennomføringsevne
- har god organisasjonsforståing, evne til samarbeid og heilskapleg tenking på tvers av fag og nivå
- er god til å kommunisere og knytte relasjonar
Hos oss får du
- gode moglegheiter for kompetanseutvikling i prosjektfag og porteføljestyring
- delta i nasjonale nettverk for prosjekt-, program- og porteføljestyring
- fleksitid
- offentleg pensjonsordning og gode forsikringsvilkår (medlemskap i KLP/SPK)
- løn etter avtale
Om arbeidsplassen
Seksjon for tenesteutvikling og digitalisering er nyetablert, har fire stillingar og er samlokalisert med den fysiske prosjektarenaen på fylkeshuset i Molde.
Andre opplysningar
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig
stilling hos oss. Søkarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet. Du vil bli varsla om dette. Vi brukar nynorsk som administrasjonsspråk, og du vil få opplæring om du treng det.
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.