Sjukepleiar - vikariat
Org. nr: - Stillingsident: 4242440379 Presentasjon av stillingen:
Vi søkjer etter sjukepleiarar med stor interesse og iver for våre spennande fagfelt som er i stadig utvikling. Vi har ledig eit vikariat frå 01.10.20 til 30.08.21. Det er ei 80 % stilling, arbeid i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar bli ledige.
Sengeposten har 22 senger og det vert gitt behandling og pleie innanfor fagområda generell, gastro og bryst-/endokrinkirurgi. Vi har eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø med dyktige og erfarne medarbeidarar. Det vert satsa på fagleg utvikling, med fagdagar i turnus og høve til å søke kurs og konferansar.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til CV.
Arbeidsoppgåver
- Pre- og postoperative sjukepleie til dei aktuelle pasientgruppene
- Ø-hjelpsfunksjon til generell - og gastrokirurgi
- Prepoliklinisk klargjering av pasienter
- Sjukepleieadministrative-/koordinerande oppgåver
- Legemiddelhandtering
- Sjukepleieprosedyrer
- Arbeid med kvalitet - og pasientsikkerheit
- Rettleiing av studentar og kollegaer
- Kontinuerlig forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring frå sjukehus er ønskjeleg
- Søkjarar med kjennskap til avdelinga eller fagområde vert prioritert.
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel, struktuert samt fag- og løysningsorientert
- Du har evne til å arbeide i team og samarbeide med andre profesjonar
- Du er ansvarsbevisst og likar varierte utfordringar
- Du bidreg til vårt gode arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Opplæring av nytilsette
- Godt fagleg miljø
- Fagleg utvikling
- Sosialt og inkluderande arbeidsmiljø med dyktige og erfarne medarbeidarar.
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, yrkesskadeforskring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift.)
Kontaktinformasjon
Maren Pedersen, Seksjonsleiar, 70 10 57 62
Arbeidsstad
Ålesund sjukehus
6026 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4242440379
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Startdato: 01.10.2020
Sluttdato: 30.08.2021
Søknadsfrist: 10.06.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere ‘’På lag med deg for helsa di‘’. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal