Ingeniør medisinsk teknologi - Stord sjukehus
Særleg sjølvstendig og spennande stilling ved Stord Sjukehus!
Vi søker deg som kan og er interessert i drift og vedlikehold av medisinsk utstyr. Jobben omfattar oppgåver i særleg sjølvstendig stilling.
Vår avdeling
Avdeling for medisinsk teknikk har i dag 13 stillingar. Vi tener heile Helse Fonna-området og sjølv om arbeidsplassen for denne stillinga i hovedsak vil vera på Stord sjukehus vil det til tider vera behov for sporadiske turar til dei andre sjukehusa i HFO..
Di bakgrunn er frå elektronikk, IKT eller medisinsk teknologi.
For å ivareta sikkerhet for pasientar og personell, skal vi som jobbar med elektromedisinsk utstyr ha samtykke frå DSB. Du treng ikkje ha dette i dag, men vere motivert for naudsynt etterutdanning for å oppnå slik samtykke.
Du er nøkkelpersonell
Det er ikkje mange av oss, men medisintekniske ingeniørar er nøkkelpersonell. Det er vi som gjer det medisinske utstyret tilgjengeleg og driftsikkert for pasientar og helsepersonell.
I kvardagen på eit sjukehus er det lite rom for utsettingar, difor er det viktig å oppretthalde godt vedlikehald for å hindre nedetid. Dersom det oppstår feil må vi raskt få utstyr tilbake i drift for diagnostikk og behandling.
Medisinsk teknikk er spennande
Vår kjerneverksemd er forvaltning, drift og vedlikehald av medisinsk utstyr på sjukehusa, og behandlingshjelpemiddel som pasientar låner med heim.
Avdeling for medisinsk teknikk koordinerer ofte arbeid mellom fleire partar, leverandører av utstyr, Helse Vest IKT og de ulike kliniske avdelingane.
Det skjer spennande teknologisk utvikling innan elektromedisinsk utstyr. Avdelinga vår er i utvikling i samband med at nye fagområder blir ein del av kvardagen. Det meste av medisinsk utstyr har i dag integrert i seg, eller er kopla til ein PC med medisinske avanserte fagprogram.
Områder med særs mykje utvikling er bildeteknologi (radiologi, digital patologi, endoskopi, laboratorieinstrumentering). Andre områder er ulikt utstyr eller system vi ønskjer datafangst frå og til elektronisk medisinsk kurve.
Framover vil også behandlingshjelpemiddel ta i bruk fleire skybaserte løysingar. Slik kan pasienten vere heime, medan utstyret snakkar med avdelinga sine system inne på sjukehusa.
Alt av medisinsk utstyr skal etter kvart snakke saman i nettverk og data skal lagrast på sikker måte i ulike serverløysningar. Så sjølv om Helse Vest IKT er Helse Fonna sin leverandør av IKT-tenester, må medisinteknisk avdeling være med i tenesteleveringa når IKT er ein integrert del av det medisinske utstyret.
Søkere vil bli vurdert fortløpende.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, utføre og dokumentere forebyggande vedlikehald og/eller reparasjonar på medisinsk utstyr
- Mottakskontroll, registrering og risikovurdering av nytt utstyr
- Utarbeide og revidere prosedyrar for vedlikehold
- Delta i forhandling av serviceavtaler og utarbeide kravspek. ved anskaffelse av nytt utstyr
- Samarbeidspart med kliniske avdelingar, personell og pasientar
- Samarbeidspart med produsent/leverandør av utstyr
- Bidra til selvutvikling, holde seg faglig oppdatert og følge med i den teknologiske utviklinga
Kvalifikasjonar
- Ingeniørhøgskole innen medisinsk teknikk, IKT, elektronikk eller tilsvarende
- Realkompetanse kan erstatte formalkompetanse
- Det er ønskeleg med gode IKT-kunnskaper
- Ønskeleg med samtykke frå DSB til sjølvstendig å kunne utføre reparasjonar på medisinsk utstyr. Søkjarar utan samtykke må vere motivert for nødvendig etterutdanning for å oppnå dette.
- Personlege eigenskapar blir lagt vekt på då dette er ei sjølvstendig stilling
- Gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg er ei føresetnad for tilsetjing. Søkere med annet morsmål en nordisk må dokumentere bestått Bergenstest, eller tilsvarende norsk nivå B2 og C1
- Må ha sertifikat klasse B
Utdanningsretning
- Elektronikk/elektro/telekommunikasjon
Personlege eigenskapar
- Du har gode kommunikasjonsevner og liker å jobbe både sjølvstendig og i team
- Du har høy arbeidkapasitet og trivst med varierte utfordringar
- Du er initiativrik med gjennomføringsevne
- Du likar å finne løysingar der det ikkje finnes ei oppskrift
- Du evnar å vere serviceinnstilt i ein travel kvardag i stadig endring
- Du kan prioritere rett og arbeide systematisk
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- 100% fast stilling, et godt arbeidsmiljø i en avdeling med høy fagkunnskap og varierte arbeidsoppgaver
- En trygg og fremtidsrettet arbeidsplass
- Opplæring innan fagområdet, servicekurs internt og eksternt
- Arbeids- og tilsettingsvilkår i henhold til gjeldende lovar, overeinskomstar og reglement.
- Lønn etter avtale
- Mulighet for fleksitidsavtale
- Medlemskap i pensjonsordning hos KLP (2% pensjonstrekk pr. mnd til innskudd hos KLP)
- Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Svein Morten Lervik, Avdelingsleiar, 91102686Arbeidsstad
Tysevegen 645416 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HFReferansenr.:4564584780
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.12.2022
Søknadsfrist: 09.10.2022
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.