100% sjukepleiar i pleie og omsorg vest Utneheimen
Saksnr.: 20/1062
Utlysing
Pleie og omsorg vest er ei samordna teneste , det vil sie at personalet kan få oppgåver både på institusjonen og i heimetenesta. Sjukeheimen består av 28 plassar, der 6 av dei er tilrettelagt for personar med demenssjukdom.
- Stillingen er ledig frå dags dato
- Turnus, dag/ sein og tredje kvar helg
- Årsturnus (52 veker)
Arbeids og ansvarsområde er blant anna :
- Fagleg ansvarleg i avdelinga
- Ansvar for legemiddelhåndtering og opplæring
- Miljøarbeid : Det innebærer blant anna å følgje opp eininga og avdelinga sine målsetjingar og yte tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak
- Utføra helse -- og omsorgsoppgåver etter fagleg standard og rettleia anna personale i faglege og etiske spørsmål
- Samarbeida og dela kompetanse på tvers av avdelingane
- Kjenne til og og bruka eininga sine prosedyrar og rutinar
- Sørgje for presis og utfyllande dokumentasjon
- Halde seg fagleg oppdatert
- Gjere seg kjent med og nytta kommunen sitt journalsystem ( Profil)
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar. Vernepleiarar kan søkje
- Positiv
- Engasjert
- Gode samarbeidsevner
- Fleksibel
- Punktlig og strukturert
- Førarkort klasse B
For meir informasjon kan du kontakte Kari Skare Storhei, tlf.: 909 99 842
Søknad med CV, bekrefta vitnemål og attestar må sendast til Ullensvang kommune: postmottak@ullensvang.kommune.no
Søknad skal merkast med saksnr.
Søknadsfrist: 02.03.19
Om bedriften
Utneheimen er organisert under Omsorgstenesta vest og er basen for omsorgstenestene på vestsida av Sørfjorden.
Utneheimen har 28 plasser, og seks av desse er for personar med demenssjukdom.