Barnehagelærar
Org. nr: 958 814 968 Stillingsident: 4405158582 Presentasjon av stillingen:
Vi gir rekrutteringstillegg på kr. 40 000 pr. år i 3 år for deg som har godkjent utdanning.
Til deg som ønskjer verdas viktigaste stilling, og som ønskjer å gjere barnehagetida til ein herleg start på livslang lærling!
Bykle barnehage er ein 2- avdelings barnehage som ligg i Bykle kyrkjebygd.
Den eine stillinga er eit vikariat frå 01.08.2021-31.07.2022 pt. på avdeling Bjørnehiet med barn i alderen 0 - 3 år.
Den andre stillinga er eit vikariat frå 01.08.21 - 26.01.2022 pt. avdeling Ulvetuva med barn i alderen 3 - 6 år
Arbeidsoppgåver
- Barnehagelæraren er ein del av barnehagen sitt pedagogiske team, og skal aktivt delta i utviklinga av barnehagen
- Vere pedagogisk leiar sin faglege samtale- og diskusjonspartnar i kvardagen
- Samarbeide med pedagogisk leiar i forhold til delegerte ansvarsområde
- Barnehagelæraren er stedfortreder for pedagogisk leiar
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar eller annan relevant høgskuleutdanning
Utdanningsnivå
- Høgskule/Universitet, Diplom/Bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Vi ønskjer oss ein medarbeidar som er personleg eigna, tek ansvar, er fleksibel og god til å samarbeide.
- Du må gjerne vere glad i ski- og friluftsaktivitetar, og ha førarkort.
Vi tilbyr
- Løn ihht einkvar tid gjeldande tariff + 40 000 i rekrutteringstilskot
- God pensjons- og forsikringsordning
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
- Bedriftsleilighet i Kristiansand
Det er krav om politiattest ved tilsetting
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
Vi ønskjar ikkje kontakt med annonseseljarar
Kontaktinformasjon
Caroline Rysstad, Tenesteleiar, (+47) 934 21 494, caroline.rysstad@bykle.kommune.no
Arbeidsstad
Sarvsvegen 9
4754 Bykle
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bykle kommune
Referansenr.:4405158582
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 24.06.2021
Om bedriften
Bykle kommune har ca. 965 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.
Bykle kommunen er organisert i to nivå: rådmann med stab/støtteavdelingar og 8 tenesteeiningar, og har ca. 170 tilsette