Høgskulelektor/høgskulelærar i kunst og handverk - st. nr. 28/2019
Stillingsannonsen er inaktiv.Høgskulen i Volda
Joplassvegen 11, 6103 Volda
Jobbnorge ID: 170543
Om stillinga
Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for kulturfag, Seksjon for design, kunst og handverk er det ledig eit vikariat i 50 % stilling som høgskulelektor/høgskulelærar i kunst og handverk frå 1.8.2019-31.7.2020, med høve til forlenging.
Kvalifikasjonar
Søkjarane må ha bachelor/master/hovudfag innan fagområdet kunst og handverk, praktisk-pedagogisk utdanning og undervisningserfaring.
Søkjaren må:
- ha allsidig kunnskap og erfaring innanfor kunst og handverk, særleg innan harde- og plastiske materialar, og digitale verkty.
- ha pedagogisk og didaktisk kompetanse, samt relevant og fersk undervisningserfaring frå skulefaget Kunst og handverk.
- vere interessert i å utvikle og formidle faginnhald og rettleie studentar i utviklingsarbeid.
- vere innovativ og trivast med å tileigne seg ny kunnskap om eit skulefag i stadig fornying.
- ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- ha evne til å ta initiativ og arbeide sjølvstendig.
Søkjaren må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Undervisings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.
Personlege eigenskapar vil telje ved vurdering av søkjarane.
Arbeidsfelt
Seksjonen har fått ressursar frå Utdanningsdirektoratet til å by vidareutdanning for lærarar i grunnskulen (KFK). Relevante arbeidsoppgåver for den utlyste stillinga er undervisning og rettleiing i KFK, grunnskulelærarutdanninga og barnehagelærarutdanninga, samt noko undervisning på bachelorutdanninga.
Vi tilbyr
Eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.
Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda: høgskulelektor 1008 frå kr 480 600 - 619 300/
høgskulelærar 1007 frå kr 456 900 - 597 400.
Generell informasjon
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi gjer søkjarar som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV merksam på at denne opplysinga kan verte brukt til registreringsføremål knytt til regjeringa sin inkluderingsdugnad.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Søkjarar kan verte kalla inn til intervju og/eller prøveundervisning. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
I samsvar med Offentleglovas § 25 kan søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under <<søknad>> hake av for <<Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven>> samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.
Om søknaden
Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge der du registrerer søknaden, vedlegg og informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgir referansar med kontaktinformasjon. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.
Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:
- vitnemål og attestar, samla i ei fil
- CV
- master-/hovudfagsoppgåve og eventuelle andre vitskapelege arbeid
Søknadsfrist: 30. mai 2019
Kontakt
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til leiar for seksjon for Formgiving, kunst og handverk Janne Heggvoll, tlf. 70075262 / 94276996.
Om seksjonen
Seksjon for design, kunst og handverk byd årsstudium og bachelorstudium i kunst og handverk. Seksjonen driv også kunst- og handverksfaglege emne i grunnskule- og barnehagelærarutdanningane, vidareutdanning for lærarar og i praktisk-pedagogisk utdanning.
Om avdelinga
Avdeling for kulturfag tilbyr for tida m.a. bachelorutdanningar i Musikk, Formgiving, kunst og handverk, Idrett og kroppsøving, Friluftsliv og naturguide, Drama og teater, samt vidareutdanningstilbod innan undervisningsretta fag i skuleverket. Avdelinga har om lag 450 heiltidsstudentar.
Det beste med Volda
Studentar og bygdefolk fortel kva dei synest er det beste med Volda. Produksjon: Chris-Håvard Berge
Video: https://www.youtube.com/watch?v=61Me2JOrMgQ&feature=youtu.be
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Høgskulen i Volda
Adresse
Joplassvegen 11, 6103 Volda
Hjemmeside
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4000 studentar og 350 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 31. mai 2019
Hentet fra: jobbnorge
Referanse: 170543_Høgskulen i Volda_jobbnorge
Stillingsnummer: d12721e1-cfed-493d-8fb3-1fa9e42d13d5