Har du lyst på sommarjobb i helse?
Stillingsannonsen er inaktiv.Bømlo kommune
Leirdalen 1, 5430 Bremnes
Bømlo kommune har fleire spanande sommarjobbar innan helsesektoren. Kommunen tilbyr ei rekke ulike helsetenester og har eit stort fokus på kompetanse og kvalitet.
Me lyser no ut ei fellesannonse for sommarjobb ved Bømlo bu- og helsesenter (langtid, korttid og rehabilitering), Teiglandshagen, Bømlo omsorgstun/Søre Bømlo omsorgsområde, Bømlo heimetenester, habilitering, miljøtenesta i rus og psykisk helse og legetenesta.
Du vil i søknaden få spørsmål om kvar du ynskjer å jobbe, og her kan du nemne fleire tenester om du vil. Dersom du søkjer fleire tenester kan du gjerne setje opp ei prioriteringsliste i søknadsbrevet. Søknader vert behandla fortløpande. Me ynskjer at du har høve for å jobbe 6 veker i løpet av sommaren, og spesielt i juli månad.
Arbeidsoppgåver
Som ein del av vår feriebemanning vil du delta i dei daglege oppgåvene i den tenesta du blir tilsett i. Me kan lova ein spanande og variert sommarjobb med høve for læring og utvikling. Den aktuelle arbeidsplass vil gje deg introduksjon/opplæring. Kort informasjon om våre verksemder følgjer under. Meir utfyllande informasjon om oss finn du her: Bømlo kommune.
Kvalifikasjonar
Søre Bømlo omsorgsområde/Bømlo omsorgstun, Bømlo bu- og helsesenter (BBH), Teiglandshagen og Bømlo heimetenester søkjer:
- Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, eller andre med fullført helsefagleg utdanning.
- Studentar og elevar innan helsefagleg utdanning. Dersom du ikkje tek utdanning innan helse er det ynskjeleg at du har erfaring med å jobba med menneske, men dette er ikkje eit absolutt krav. Søkjarar utan erfaring vert og vurdert.
- Assistentar til reinhald/kjøkken/heimehjelp (gjeld Søre Bømlo omsorgsområde, BBH og Teiglandshagen).
Habiliteringstenesta søkjer:
- Vernepleiarar, helsefagarbeidarar eller andre med helsefagleg utdanning.
- Studentar og elevar innan helsefagleg utdanning. Dersom du ikkje tek utdanning innan helse er det ynskjeleg at du har erfaring med å jobba med menneske, men dette er ikkje eit absolutt krav. Søkjarar utan erfaring vert og vurdert.
Miljøtenesta i rus og psykisk helse søkjer:
- Offentleg godkjent vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar eller andre med helse- og/eller sosialfagleg utdanning.
- Studentar og elevar innan helse- og sosialfaglege utdanningar. Dersom du ikkje tek slik utdanning er det ynskjeleg at du har erfaring med å jobba med menneske.
Legetenesta søkjer:
- Me ser etter deg som studera medisin, sjukepleie, bioingeniør eller helsesekretær, eller har fullført slik utdanning.
- Medisinstudentar med lisens, då det kan bli aktuelt med sommarjobb som lege på institusjon.
Personlege eigenskapar
- Du er glad i å jobbe med mennesker og likar å hjelpe andre.
- Du er positiv, engasjert og interessert i helse.
- Du er sjølvstendig og samarbeider godt med andre.
- Du er påliteleg og ansvarsfull.
- Du er fleksibel og løysingsorientert.
Vi tilbyr
- Spanande tenester med høve for opplæring og utvikling.
- Inkluderande arbeidsmiljø med trivelege medarbeidarar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
Bonus
Dersom du ynskjer å jobba minimum 6 veker i sommar vil du få kr 10 000 i bonus i etterkant av utført sommarturnus. Utbetaling av bonus føreset at ein jobbar vaktene som er sett opp i planen.
Anna informasjon:
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova §5.4. For arbeid på institusjon og i omsorgstenester, samt legetenesta må du ha fylt 18 år. De som vert tilsett i Søre Bømlo omsorgsområde/ Bømlo heimetenester / Miljøtenesta må ha førarkort for bil. Det vil vere ein fordel med førarkort i Habiliteringstenesta, men søkjarar under 18 år vil og kunne bli vurdert.
Kontaktinformasjon
Helene Magnussen Hovland, Personalrådgjevar, 90761281Arbeidsstad
Leirdalen 15430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4597597045
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Bømlo kommune
Adresse
Kyrkjegardsvegen 6, 5430 Bremnes
Hjemmeside
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Om stillingen
Stillingstittel
Har du lyst på sommarjobb i helse?
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 1. juli 2023
Hentet fra: talentech
Referanse: d6b6d53f07b94af59fbe461b04b5f122
Stillingsnummer: d11e8049-9994-4f6b-aeba-52587bfffaec