Helsesekretær
Org. nr: - Stillingsident: 4413763456 Presentasjon av stillingen:
Augeavdelinga er ei avdeling ved Haukeland universitetssjukehus. Vi er ei avdeling med god breidde av oppgåver frå utgreiing til behandling av alle augelidingar. Vi er lokalisert i eige bygg på sjukehuset sitt område. Det er 4 einingar i avdelinga; eining for kontor, eining for poliklinikk og dagkirurgi, eining for operasjon og eining for legar. Avdelinga har sengepost saman med Klinikk for Hovud/Hals i sentralblokka. Vi har eit sterkt pasientfokus, og har som mål at pasientar skal oppleve at dei blir tatt vel i mot og at dei får god og nødvendig behandling. Det er til saman 20 årsverk ved kontoreininga og dei fleste er autoriserte helsesekretærar. Kontoreininga har ansvar for all pasientadministrasjon ved avdelinga og fleire oppgåver rullerer ein på.
Helsesekretærane er som oftast dei som møter pasienten først og dei som tar farvel når behandlinga er over. Helsesekretærane er ein viktig del av pasientforløpa ved Augeavdelinga. Helsesekretærane ved avdelinga har også pasientnære oppgåver som til dømes bistand ved forundersøkingar og injeksjonar, i tillegg til dei administrative oppgåvene.
Vi søkjer no etter fleire dyktige helsesekretærar til avdelinga.
Arbeidsoppgåver
- Pasientadministrative oppgåver handtert i systemet DIPS
- Pasientservice
- Poliklinikk ekspedisjon
- Telefonsentral
- Timebooking og ventelistehåndtering
- Bistand ved injeksjonsklinikk
- ØH-team
Kvalifikasjonar
- Helsesekretær med norsk autorisasjon
- Søkjar må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Det blir lagt vekt på relevant arbeidserfaring
- Fordel med kjennskap til DIPS og Nissy
- Generelt gode IKT kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt
- Samarbeidsvillig og fleksibel
- Endringsevne
- Gode kommunikasjonsevner
- God stressmeistring
- Må trivast i eit aktivt og travelt sykehusmiljø
- Bidra til eit kollegialt godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit travelt arbeidsmiljø
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
- Opplæring ved behov
- Høgt fagleg nivå
- Dyktige og engasjerte kollegaer
- Tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
- Ein arbedsplass som er ein inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift)
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangoldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Lin Merete Torgersen, Enhetsleder Øye kontorenhet, 92218702
Arbeidsstad
Jonas Lies vei 72C
5053 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Bergen
Referansenr.:4413763456
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2021
Søknadsfrist: 22.08.2021
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.