Landbruksrådgjevar skog og utmark - Bjørnafjorden Landsbrukskontor
Stillingsannonsen er inaktiv.Fusa kommune
Leiro 31, 5640 Eikelandsosen
Org. nr: - Stillingsident: 4048726399 Presentasjon av stillingen:
Bjørnafjorden Landbrukskontor er eit interkommunalt landbrukskontor for Hordalandskommunane Fusa, Tysnes, Os og Samnanger. Landbrukskontoret har hovudkontor i Eikelandsosen, men har og faste kontordagar i dei tre andre kommunane.
Landbrukskontoret har 5 tilsette som arbeider i team. Vi søkjer ein lagspelar som kan samarbeide og vere ein del av teamet, men som og kan arbeide sjølvstendig. Du er fleksibel og evner å tenkje nytt og tverrfagleg.
Den 1. januar 2020 vil kommunane Os og Fusa slå seg saman til den nye Bjørnafjorden kommune. Dette vil i liten grad påverke organisering, lokalisering og oppgåver for landbrukskontoret, då vi allereie er slått saman.
Vi har no ledig stilling som Landbruksrådgjevar med ansvar for skog og utmark for tilsetjing i fast 100% stilling med tiltreding så snart som mogleg..
Arbeidsoppgåver
Landbrukskontoret har ansvaret for alle saker som gjeld tradisjonelt landbruk (tilskotsordningar innan jord- og skogbruk og saker som handsamast etter konsesjonslova og jordlova), samt viltforvalting, tilleggsnæringar og miljøsaker knytt til landbruk. Oppgåvene til dei tilsette varierer avhengig av kompetanse, interesser og aktuelle saker på kontoret. I våre kommunar er skogbruket ei næring i vekst med mange spennande utfordringar. Området vårt er og av dei med høgast tettleik av hjort i landet.
Som landbruksrådgjevar for skog og utmark vil du ha ansvar for mellom anna:
- Sakshandsaming etter skoglova,viltlova, lov om moterferdsel med meir.
- Skogfond og tilskot til skogkultur.
- Godkjenning av landbruksvegar og tilskot til skogsbilvegar.
- Viltforvaltning.
- Andre oppgåver knytt til skog og utmark.
Ønska kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innan skog og utmark.
- Kjennskap til offentleg forvalting vil vere ein fordel.
- Vi vil leggje vekt på om søkjaren er personleg eigna og det er trong for tverrfagleg interesse.
- Søkjar må ha sertifikat og disponere bil.
Personlege eigenskapar
- Systematisk og ryddig
- Løysingsorientert
- Fleksibel
- Evne til å tenkja nytt og tverrfagleg
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med fokus på utvikling og trivsel
- Interessante arbeidsoppgåver.
- Offentlig tenestepensjon og forsikringar
- Fleksibel arbeidstid
- Lønn etter avtale
Kontaktinformasjon
Øystein Svalheim, Landbrukssjef, 95884074, oystein.svalheim@fusa.kommune.no
Arbeidsstad
Leiro 31
5640 Eikelandsosen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Fusa kommune
Referansenummer:4048726399
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 03.04.2019
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Fusa kommune
Adresse
Kommunetunet, 5640 Eikelandsosen
Fusa - midt i blinken!
Fusa kommune ligg sentralt plassert i Bjørnafjordsregionen midt i Hordaland, ein knapp times reise frå Bergen. Vi har ca 3 920 innbyggjarar, god barnehagedekning og skuletilbod som omfattar vidaregåande skule. Frå naturen si side ligg alt til rette for å leva aktive liv innanfor grøne rammer, frå sjø til snø.
Visjon og slagord for kommunen er ¿Fusa ¿ midt i blinken!¿, og vi har som mål å levera treffsikre tenester. F.o.m. 1.1.2020 slår Fusa seg saman med Os til Bjørnafjorden kommune. Fusa kommune har ca 360 tilsette. Vi satsar på arbeidsmiljøtiltaket <> og arbeider i tråd med verdisettet R-O-M-S-L-E-G med tilhøyrande etiske retningslinjer. For alle stillingar i Fusa kommune gjeld desse generelle vilkåra.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 25. mai 2019
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4048726399_Fusa kommune_webcruiter
Stillingsnummer: d090dd1f-bfd4-4371-beff-24de9f728f81