Lærar
Skulen ved Eivindvik barnehage og skule har mellom 80 og 90 elevar i 1. -10. klasse. Sjå www.Eivindvik.skule.no for meir informasjon, planar, bilete osv. Gulen kommune har ledig inntil 350% stilling som lærar frå 01.08.19. Inntil 100% av dette er fast stilling.
Skulane i Gulen har:
- Gode læringsresultat
- Relativt små klassar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna lærarar
- Godt arbeidsmiljø
- Tilbod om rettleiing
- Fokus på fagleg utvikling i skulane, der idear og innspel både frå nyutdanna lærarar og erfarne lærarar vert sett på som viktige ressurar.
Arbeidsoppgåver
Det kan vere aktuelt å undervise både på barnetrinn og ungdomstrinn. Det er viktig at søkjarane har undervisningskompetanse i fleire undervisningsfag.
Desse faga vert prioriterte:
- Praktisk estetiske fag: Musikk, kunst og handverk og kroppsøving. Hovudvekt på kroppsøving i alle trinn.
- Spesialpedagogikk på barnetrinn 1. -7. klasse med hovudvekt på norskfaget.
- Norsk og matematikk på småskulesteget: 1.-4. klasse
- Grunnskule for vaksne framandspråklege elevar: Hovudvekt på norsk, engelsk og matematikk
- Norsk på ungdomstrinnet.
Personlege eigenskapar
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
- Er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner.
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Einar Thune, Tlf: 57781736, Epost: ann.norunn.leknes@gulen.kommune.no
Om bedriften
Gulen kommune ligg på sørsida av Sognefjorden, heilt ut mot havet. Innbyggjartalet er ca. 2 300. Kommunen har ca. 400 tilsette, som arbeider etter visjonen "samarbeid for utvikling"!