Støttepedagog for barnehage
Org. nr: - Stillingsident: 4190598732 Presentasjon av stillingen:
Det er ledig stilling som støttepedagog for barnehagane i Herøy. Stillinga er knytta til barn/barnegrupper som treng styrking og ekstra oppfølging på ulike område. Både dei kommunale og dei private barnehagane deler på å nytte støttepedagog etter behov. Stillinga rapporterer til Seksjonsleiar barnehage, som koordinerer arbeidet.
Arbeidsoppgåver
Støttepedagog arbeider med enkeltbarn eller med grupper av barn i forhold til ulike behov for styrking, så som språkutvikling. Ein arbeider også inn mot dei tilsette i barnehagen, med rettleiing for å styrke det ordinære tilbodet for barnet/barnegruppene.
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett, må vere godkjend barnehagelærar. Alternativt ha anna pedagogisk utdanning med tilleggsutdanning i småbarnspedagogikk. Vidareutdanning i spesialpedagogikk eller migrasjonspedagogikk kan vere ein fordel. Det vil også vere ein fordel om søkjar har vidareutdanning i rettleiing/mentorutdanning.
Støttepedagogen må kunne kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg.
Den som vert tilsett må legge fram godkjend politiattest, og må kunne disponere eigen bil i tenesta.
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Personlege eigenskapar
Støttepedagogen må vere tydeleg i samspel med barn og vaksne. Han må ha god evne til og vilje til samarbeid, og vere med på å skape eit best muleg læringsmiljø for borna. I tillegg legg vi vekt på at den som vert tilsett må vere engasjert, målretta, omgjengeleg og mottakeleg for rettleiing.
Vi tilbyr
Vi kan tilby eit sterkt fagleg og støttande team av spesialpedagogar og støttepedagogar, under leiing av Seksjonsleiar for barnehage. Utveksling, rettleiing og fagleg utvikling vert vektlagt i teamet.
Tilsettinga er på dei vilkår som kjem fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Sølvi Lillebø Remøy, Kommunalsjef oppvekst, 95764125
Arbeidsstad
Rådhusgata 5
6090 Fosnavåg
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Herøy kommune
Referansenr.:4190598732
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.03.2020
Om bedriften
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har nesten 9000 innbyggjarar, og om lag 650 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy med lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritid- og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!