Miljørettleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4351186447 Presentasjon av stillingen:
Sektor oppvekst lysar no ut to stillingar som miljørettleiar. Stillingane er definerte som arbeid av midlertidig karakter. Det er ønskjeleg med tilsetjing så snart som råd, med varigheit t.o.m 31.07.23. Stillingane er knytt til Bratteberg skule.
Dei som vert tilsett må pårekne arbeid kvar vekedag.
Arbeidsoppgåver
I samarbeid med lærarane og skuleleiinga skal miljørettleiaren støtte læringsarbeidet til elevane, og det sosiale samspelet/fellesskapet deira i skulen. Det vil vere snakk om målretta miljøarbeid/miljøterapeutisk arbeid knytt mot enkeltelevar/elevgrupper, og den som vert tilsett får eit sjølvstendig ansvar i å planleggje og gjennomføre dette i samråd med lærarar ved årssteget.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer primært etter personar med godkjent 3-årig høgskuleutdanning, som barnevernspedagog/sosionom. Søkarar som kan vise til anna relevant utdanning, erfaring og praksis knytt til miljøretta arbeid kan verte vurdert for stillingane.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
-
har evne til å bygge gode relasjonar med elevar og kollegaer
-
har engasjement og hjarte for arbeid med barn og unge
-
er ein vaksen som er trygg, omsorgsfull og er tydeleg
-
har gode samarbeidsevne med kollegaer og føresette
-
er fleksibel, har god arbeidskapasitet og bidreg til fellesskapet
-
er sjølvstendig i arbeidet
-
evnar å stå i krevjande arbeidsutfordringar
Menn vert oppmoda om å søkje.
Vi tilbyr
-
Lønns -og arbeidsvilkår som er fastsett i lov -og avtaleverk. Den som vert tilsett vert innplassert i stillingskode 6684, jf HTA.
-
God offentleg pensjonsordning i KLP.
Kontaktinformasjon
Håvard Strand, Fagkonsulent, sektor oppvekst, 70058874, havard.strand@volda.kommune.no
Eli-Mette Lüthcke, Rektor, 70058000
Arbeidsstad
Storhagen 4
6100 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Volda kommune
Referansenr.:4351186447
Stillingsprosent: 70%
Anna
Startdato: 01.04.2021
Sluttdato: 31.07.2023
Søknadsfrist: 08.03.2021
Om bedriften
I folketal er Volda kommune den nest største på søre Sunnmøre, og den sjette største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.
I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.
I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!