Oppmålingsingeniør
Org. nr: - Stillingsident: 4378123791 Presentasjon av stillingen:
Tysnes kommune har ledig eit vikariat som oppmålingsingeniør ved eining for forvaltning.
Eining for forvaltning består av leiar, ein byggjesakshandsamar, ein på plan og byggesak og to på kart og oppmåling. Den som vert tilsett skal arbeide med oppgåver knytt til kart og oppmåling, og må påregne å arbeide med eigedomsinformasjon til meglere, rettleie private og profesjonelle aktørar.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføring av arbeid etter matrikkellova
- Arbeid etter eigarseksjonslova
- Sakshandsaming
- Publikumskontakt innan fagområdet
- GIS- oppgåver i ymse samanheng
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på høgskulenivå (GIS/geomatikk/eigedomsfag)
- Arbeidserfaring frå fagområdet kan kompensere for utdanningskravet
- Erfaring frå målearbeid etter matrikkellova
- God kunnskap om offentleg forvaltning og GIS
- God munnleg og skrifteleg framstillingsevne, tenestemålet er nynorsk
- Førarkort kl.b
Personlege eigenskapar
- Er motivert og har evne til å tileigne seg ny kunnskap
- God arbeidskapasitet, er effektiv og systematisk
- Engasjert for fagområdet, og har gode samarbeidsevner
- Er løysingsorientert og sjølvstendig
- Godt humør, arbeidslyst og fleksibilitet er føresetnad for å trivast i stillinga
- Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- 100 % stilling i perioden 1.8.21 - 30.9.22
- Spanande og interessante arbeidsoppgåver i eit triveleg og utviklande miljø
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Gode arbeidstidsordning med fleksitid og sommar-/vintertid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Janine Freyboth, Avdelingsingeniør oppmåling, 468 23 314, janine.freyboth@tysnes.kommune.no
Laila Hope, Einingsleiar forvaltning, 481 39 049, laila.hope@tysnes.kommune.no
Arbeidsstad
Uggdalsvegen 301
5685 Uggdal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Tysnes kommune
Referansenr.:4378123791
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 02.08.2021
Sluttdato: 30.09.2022
Søknadsfrist: 09.05.2021
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.