80 - 100 % fast stilling som arbeidsrettleiar f.t. ved Arbeids- og aktivitetssenter, Tenester for funksjonshemma
Stillingsannonsen er inaktiv.Nord-Fron kommune
Tenester for funksjonshemma
Beskrivelse
Vi har ledig 80 - 100 % fast stilling som arbeidsrettleiar ved NOA/Jobbservice frå dags dato.
Vi tilbyr tilrettelagde arbeidsplassar for personar med nedsett funksjonsevne.
Stillinga inneber å rettleie og bistå arbeidstakarar i ulike arbeidsoppgåver og aktivitetar, og ved behov for personlig bistand.
På NOA/Jobbservice er det 25-30 arbeidstakarar og vel 6 årsverk for arbeidsrettleiarar i ulik stillingsstorleik.
Vi produserer bl.a. ved, tennbriketter og formingsartiklar, og arbeider i tillegg med makulering, enkle snekkeroppgåver, kjøkkenoppgåver, vask av klede og diverse småoppdrag. Arbeidsrettleiar si rolle er å tilrettelegge for at arbeidstakarane kan mestre arbeidsoppgåvene.
Vi søker deg som likar å ha ein variert arbeidskvardag, som er glad i folk, fleksibel og som kan ta i eit tak der det trengs.
Kvalifikasjoner
- Fortrinnsvis høgskoleutdanning inna helse- og sosialfag eller pedagogikk
- Anna relevant helse- og sosialfagleg utdanning eller fagbrev inna praktiske yrke kan vere aktuelt
- Erfaring i å lære bort
- Kjennskap til alternativ kommunikasjon er ein fordel
- Gjerne erfaring frå omsorgsarbeid
Førarkort kl B er ein føresetnad, fleire førarkortklasser ein fordel.
Personlege eigenskapar
- God på samhandling og samarbeid
- Tålmodig
- Raus
- Nevenyttig
- Kreativ
Personlig egnaheit vil bli vektlagt.
Vilkår
Løn etter kvalifikasjonar, flyttegodtgjersle og svært gode pensjonsordninger i KLP.
Søknaden sendes
Registrer søknaden under knappen Søk på stilling.
Alle søknader på ledige stillingar skal skje via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Søknader skal ikkje sendast som e-post.
Kopi av attestar og vitnemål blir etterspurt ved behov. Kopiane blir ikkje returnert.
Nord-Fron kommune praktiserer meiroffentlegheit, der namn, adresse, alder og stilling blir offentleggjort på søkarlista etter at søknadsfristen har gått ut. Ønskje om evt. konfidensiell behandling må grunngjevast særskilt. Viss unntak ikkje blir akseptert, vil søkar bli varsla og søknaden kan eventuelt trekkast.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Nord-Fron kommune
Adresse
Givravegen 1, 2640 Vinstra
Nord-Fron kommune med byen Vinstra og tettstadene Kvam og Skåbu, ligg i Gudbrandsdalen midt mellom Trondheim og Oslo. Kommunen har 5.800 innbyggarar. Regionen Midt-Gudbrandsdal har 13.500 innbyggarar og er eit av dei mest attraktive ferie/ fritidsområda i landet. Nord-Fron kommune har eit rikt natur- og kulturtilbod gjennom kulturskule, idrettslag og private kulturforvaltarar. Kommunen har både kunstgrasbane, friidrettsanlegg, badeland og eit stort skiløypenett. Vi har trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge med eit godt skule- og barnehagetilbod, som også inkluderer ein moderne vidaregåande skule. Med opning av ny E6 gjennom Gudbrandsdalen opplever vi at regionsenteret Vinstra blir sett tydelegare på kartet og vi opplever nå ein sterk vekst innafor næringsverksemder. I Nord-Fron er det stoltheit, optimisme og framtidstru!
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 8. mars 2019
Hentet fra: Nord-Fron kommune
Referanse: enterprise.nord-fron.kommune.no/recruitment/opening?1?608/2019
Stillingsnummer: d0384c3d-300f-4522-abe0-9a0ef0115e65