ID 1910 Barne- og ungdomsarbeidar - Leirvik skule
Leirvik skule har omlag 360 elevar og 50 tilsette. På Leirvik skule jobbar me for å skapa eit trygt, inkluderande og inspirerande skulemiljø, der alle viser omsorg, ansvar og respekt.
Elevane på Leirvik skule skal oppleva meistring og læringsglede, få utvikla evnene sine og få ei opplæring som er tilrettelagt eigne evner og føresetnader.
Det er ledig mellombels stilling i 89% ved Leirvik skule i tidsrommet 01.01.23 -- 31.07.23. Stillingane er knytt til ein kombinasjon SFO og skule.
Kvalifikasjonskrav:
- Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant kompetanse.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Det kan verta behov for at ein deltar i symjeundervisning og kan vera ønskeleg at ein har/tek livredningskurs.
- Den som vert tilsett må leggja fram politiattest. jf. Opplæringslova § 10-9.
Me kan tilby:
- Spanande arbeidsoppgåver i eit utviklande fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysningar får ein ved å venda seg til rektor Bjarte Bongom
Om bedriften
Stord kommune er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland, og ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger. Stord er ein utviklingsorientert industrikommune med ein maritim sektor som er verdsleiande m.a. når det gjeld å utvikle grøne løysingar. Kommunen har ambisjonar som ein attraktiv vekstkommune under visjonen <<Saman om utvikling og velferd>>, og har mål om å bli nullutsleppskommune innan 2030. Stord har mange og varierte tilbod innanfor privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett, kultur og friluftsliv. Kommunen har nær 19.000 innbyggjarar.