Lærling Barne- og ungdomsarbeider 20/25
Er du på jakt etter lærlingeplass i 2020?
Vi har fått 6 ledige lærlingeplassar og søker lærlingar innanfor Barne- og ungdomsarbeiderfaget.
For at du skal trivast fagleg og sosialt vil vi leggje til rette for at du får en fast kontaktperson og flinke lærlingeinstruktørar. Vi har lærlingtreff og lærlingskule.
Krav til kompetanse
- Vidaregåande 1 (VG1) Helse- og oppvekstfag, gjennomgått og bestått
- Vidaregåande 2 (VG2) Barne- og ungdomsarbeidarfag, gjennomgått og bestått
Personlige eigenskaper
- Gode samarbeidsevner
- Bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø og ditt fag
Før oppstart må det leggas fram tilfredsstillande tuberkulinstatus i tråd med forskrift om tuberkulose kontroll, samt politiattest i tråd med opplæringslova § 10-9/barnehagelova § 19.
Om bedriften
Klepp kommune ligg midt på Jæren, 25 km sør for Stavanger. Landskap og natur er prega av jordbrukslandskap, mildt kystklima og lange flotte sandstrender. Tinghaug er høgaste staden i Klepp og ligg 102 m.o.h. Jordbruk, industri, privat og offentleg tenesteyting er hovudnæringar i kommunen som har omlag 19 300 innbyggjarar.
Kommunen sitt administrasjons- og handelssentrum er Kleppe. Andre tettstader er Verdalen, Orstad, Klepp st., Kåsen, Pollestad og Voll. Stavanger lufthavn, Sola ligg få kilometer nord for kommunegrensa og Jærbanen går gjennom den austre delen av kommunen.