Autorisert sjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4195807534 Presentasjon av stillingen:
Ortopedisk har ledig to vikariat i 75% stilling i 3-delt turnus i 1 år med mogleg forlenging. Vikariata er ledig frå snarast eller etter nærare avtale.
Ortopedisk avdeling har 66 senger og består av fire seksjonar. Ortopedisk infeksjonsavdeling behandlar pasientar med infeksjonar og behov for kirurgi i muskel-og skjelettsystemet. Seksjon for traumatologi behandlar kompliserte skadar og følgjer etter skade. Hoftebrotseininga har mottak og behandling av pasientar med hoftebrot. Seksjon for rygg, sarkom og funksjonsforbetrande kirurgi behandlar ryggbrot, skeivstillingar og slitasje i ryggen, samt kreft med spreiing til skjelett. Vi har òg landsfunksjon for funksjonsforbetrande kirurgi.
Som sjukepleiar jobbar ein tett saman med helsefagarbeidarar, legar og fysioterapeutar.
Arbeidsoppgåver
- Pre- og postoperativ sjukepleie
- Samhandling med pårørande, rehabiliteringsinstitusjonar og 1. linetenesta
- Mottak og oppfølging av pasientar
- Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasienten eit best mogleg opphald på avdelinga
- Gje/yte god omsorg for pasient og dei pårørande
- Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
- Ein må pårekne arbeid ved alle ortopediske sengepostar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
- Relevant erfaring innan ortoped/infeksjon er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du er punktleg og påliteleg
- Du er fleksibel
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Like varierte utfordringar
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Nytilsettoppfølging, rettleiing og internundervising
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
Kontaktinformasjon
Marit Olaug Instebø, Seksjonsleiar, 55973762
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Helse Bergen
Referansenr.:4195807534
Stillingsprosent: 75%
Vikariat
Søknadsfrist: 08.03.2020
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.