Ferievikarar
Stillingsannonsen er inaktiv.Pleie og omsorg
Sveiogata 70, 5550 Sveio
Sveio kommune trenger ferievikarar i pleie og omsorg. Pleie og omsorg omfattar heimetenesta og Sveio omsorgssenter. Heimetenesta utfører heimesjukepleie og praktisk bistand/reinhald i heimen. Sveio omsorgssenter har sjukeheim med tre avdelingar, kjøkkendrift og reinhald/vaskeri. Våre tilsette skal avvikle sommarferie, derfor trenger me deg for å kunne gi gode tenester gjennom sommaren. Fyller du 18 år før 1. juni 2022 kan du søkje. Me er spesielt interessert i deg med helsefagleg bakgrunn, men også deg som er under utdanning. For helsepersonell blir det krevd norsk autorisasjon. Andre med interesse for fagområdet er også velkommen til å søkja.
Ferievikarperioden er frå 19. juni til 13. august og du binder deg til å arbeida samanhengande i minst 6 veker i 100 % stilling i denne perioden. Som ferievikar må du rekne med å arbeida i turnus med vakter dag, kveld, natt og anna kvar helg. I enkelte stillingar blir det krevd ordinært førerkort for bil (klasse B). Vikarar innan helse og omsorg må levera tilfredsstillande politiattest som ikkje er eldre enn tre månadar.
Skriv i søknaden om du har ein arbeidsstad/avdeling som du føretrekker å arbeida i. Me prøver å ta omsyn til ønsket ditt. Tilbodet kan koma frå ei anna eining. Gi opplysningar om når du ønskjer å arbeida, og om du har mulighet for å ta ekstravakter før eller etter ferieperioden. Me godtek kun elektroniske søknader. Hvis du har behov for det, kan Servicesenteret hjelpa deg med søknaden. Du får meir informasjon om stillingane som ferievikar om du tar kontakt med den enkelte eining.
Søknadsfristen er 31.05.2023, men tilsetjing skjer fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Dine arbeidsoppgåver vil vere å hjelpe pasientane og brukarar med daglege gjeremål. Det kan være å tilrettelegge måltider, hjelpe til i stell og delta i miljøretta aktivitetar. Våre tilsette har eit fagleg fokus for å ivareta pasientane på best mogleg måte. Du arbeidar saman med anna personell som sjukepleiar, fagarbeidarar og assistentar. Kjøkkendrift produserer næringsrik og velsmakande mat til beboerene på kommunens omsorgssenter og til heimebuende.Kvalifikasjonar
- Helsefaglig bakgrunn er ein fordel for stillingar innen omsorg
- Andre med interesse for området kan også søkja
- Vere fylt 18 år før 1. juni 2022
- Kunne jobba samanhengande i minst 6 veker
- Krav om ordinært førarkort klasse B i heimetenesta og på natt
- Norsk er arbeidsspråk i Sveio kommune. Du snakkar, leser og skriver så godt at du både kan samarbeida med andre og utføra arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig
- Det er krav om tilfredsstillande politiattest for personell som blir tilsett i helse- og omsorgsteneste
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- Evne til å jobbe sjølvstendig
- Lojal, punktleg og pliktoppfyllande
- Fokus på kvalitet i tenesta
- Må kunne handtere utfordrande arbeidsoppgåver
- Fleksibel og løysningsorientert
Vi tilbyr
- Sommarjobb i 100 % stilling
- Lønn i henhold til gjeldande avtalar
Kontaktinformasjon
Hildegunn Lindaas, Einingsleiar Heimetenesta, 53 74 82 30Camilla Selbak, Einingsleiar Sveio omsorgssenter, 951 54 037
Arbeidsstad
Sveiogata 705550 SVEIO
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sveio kommuneReferansenr.: 4603140537
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 31.05.2023
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Pleie og omsorg
Adresse
Sveiogata 70, 5550 Sveio
Hjemmeside
Om stillingen
Stillingstittel
Ferievikarar
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 1. juni 2023
Hentet fra: talentech
Referanse: 51e9b8da187746c6af3f65073d1a646f
Stillingsnummer: cfb35f8a-087a-4dec-adbb-dd9af920e66b