Lærar ved Ål vaksenopplæring
Me søker
Det er ledig fylgjande stillingar:
- 60 % fast stilling frå 01.08.2021
- 40 % midlertidig stilling skuleåret 2021/2022
Stillingane kan kombinerast.
Ål vaksenopplæring held til på Ål kulturhus. Vi tilbyr opplæring i norsk og samfunnskunnskap til elevar busett i Ål kommune og Hol kommune. Elevane våre kjem frå mange ulike land, og som lærar vil du vere ein del av integreringsprosessen med det norske samfunnet. Ål vaksenopplæring og flyktningtenesta er organisert i avdelinga Innvandrartenesta i oppvekstsektoren.
Oppvekstsektoren i Ål har dei siste åra arbeidd med ei stor IKT-satsing. Elevane ved Ål vaksenopplæring har kvar sin iPad og alle klasserom er godt utstyrt med ny teknologi. Vaksenopplæringa er i ferd med å innføre nye læreplanar i norsk og samfunnskunnskap og det pregar utviklingsarbeidet vårt for tida.
Sjå www.aal.kommune.no for fleire opplysningar om Ål vaksenopplæring og kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i norsk og samfunnskunnskap for minoritetsspråklege vaksne elevar i samsvar med gjeldande læreplanar.
- Opplæring i arbeidslivskunnskap og oppfølging av elevar i språkpraksis.
Kvalifikasjonar
Krav for tilsetting i undervisningsstilling jf. forskrift til integreringslova § 67:
- Pedagogisk bakgrunn, jf. forskrift til opplæringslova, kapittel 14
- 30 studiepoeng i norsk som andrespråk
- Erfaring med grunnleggande lese- og skriveopplæring og alfabetisering er ein fordel
- Erfaring med framandspråklege elevar er ynskeleg.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Søkarar som ikkje har norsk som andrespråk kan tilsettast midlertidig eller på vilkår om at vidareutdanning i norsk som andrespråk vert påbegynt innan eit år og fullført innan tre år.
Personlege eigenskapar
Det vert lagt vekt på personleg eigenskapar:
- du brenn for læraryrket og ynskjer å bidra til god læring for elevane
- du er tydeleg på klasseleiing og har evne til å skape gode relasjonar med vaksne elevar og kollegaer.
- du trivst i ein digital kvardag.
- du er positiv, fleksibel og løysingsorientert
- du ynskjer å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt
- du har erfaring med og interesse for arbeid med menneske frå ulike kulturar
Me tilbyr
- spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- eit hyggeleg og engasjert arbeidsmiljø
- ei skule der elevar trivst
- ei skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving
- hjelp til bustad
Lønsvilkår
Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
Politiattest
Dei som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje skal vere eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.
Send søknad
Du må sende elektronisk søknad. Klikk " Søk stilling" og fyll ut den elektroniske søknaden. Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev tenesteattestar, dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.
Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.
Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.
Om bedriften
Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar Frå 8. trinn blir alle elevane samla på Ål ungdomsskule. Kommunen har innført iPad/PC til kvar elev og lærar og brukar ny teknologi i undervisninga. Framover vil "Det digitale klasserommet i fagfornyinga" vere eit viktig satsingsområde. Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på inkludering og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre. Også i år er Ål rangert blant dei ti beste i kåringa til UNICEF om oppvekstvilkår for barn - i 2020 som ein av dei seks beste kommunane i landet. Me trenger deg for å bli endå betre.