Er du vår nye plan- og forvaltningssjef?
Hjelmeland kommune Hjelmeland kommune
Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland
Om jobben
Stillingstittel
Plan- og forvaltningssjef
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Hjelmeland kommune søkjer ein engasjert og strategisk sterk plan- og forvaltningssjef som ønskjer å bidra til berekraftig utvikling, god arealforvaltning og heilskapleg samfunnsplanlegging.
Vår noverande plan- og forvaltningssjef går av med pensjon, og vi søkjer no hennar etterfølgjar.
Dette er ei sentral og spennande leiarstilling i Hjelmeland kommune, der du får høve til å påverke utviklinga av lokalsamfunnet, der omstilling og utvikling står sentralt i arbeidet vårt framover.
Som plan- og forvaltningssjef vil du leie eit kompetent fagmiljø med ansvar for arealplanlegging, byggjesak, kart og oppmåling, miljø, landbruk og eigedomsforvaltning. Stillinga gir deg ein unik moglegheit til å arbeide strategisk og tverrfagleg med viktige samfunnsutfordringar. Du vil jobbe tett saman med politikarar, næringsliv, innbyggjarar og andre einingar i kommunen.
Stillinga ligg under området Samfunn og Næring, og rapporterar til Kommunalsjef samfunn og næring.
Arbeidsoppgåver- Leie og utvikle kommunen sitt plan- og forvaltningsarbeid
- Koordinere arbeidet med kommuneplanen og andre overordna planar
- Sikre god sakshandsaming etter plan- og bygningslova
- Rettleie politikarar og leggje til rette for gode avgjerdsgrunnlag
- Samarbeide med regionale og nasjonale styresmakter
- Budsjett- og personalansvar for avdelinga
- Høgare relevant utdanning innan samfunnsplanlegging, arealplanlegging, geografi, ingeniørfag, juss eller tilsvarande
- Leiarerfaring, gjerne frå offentleg sektor
- God kunnskap om plan- og bygningslova, forvaltningslova og anna relevant regelverk
- Strategisk og heilskapleg forståing
- Gode samarbeidsevner og tydelege kommunikasjonsevner
- Førerkort kl B
- Språkkunnskap tilsvarande nivå B2
- Ei nøkkelrolle i utviklinga av ein kommune i vekst
- Meiningsfylte og varierte arbeidsoppgåver
- Eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Konkurransedyktige vilkår og fleksibel arbeidstid
- Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Er du den rette for denne spannande og varierte stillinga? Send oss din søknad med CV seinast 29. august. Ikkje utsett å melde din interesse til tross for sommarferien. Me les og vurderar fortløpande.
Ved spørsmål, kontakt vår rådgjevar hos Capus, Per Jorem, mobil: 400 21 560.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cfa5edc5-0e8e-48d4-a9e1-eb1994f8449f
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3525361_199695_nn