LEDIGE STILLINGAR I KYRKJA I ØVRE SETESDAL – STILLINGANE KAN KOMBINERAST
Stillingsannonsen er inaktiv.Valle og Hylestad kyrkjelege fellesråd/Bykle kyrkjelege fellesråd
Valle, 4747 Valle
Trusopplærar 50 %
Arbeidsoppgåver
• Leie og utvikle trusopplæringsarbeidet i sokna
• Motivere og tilrettelegge for kontinuerlege tiltak, der det er behov for det
• Vere ein del av konfirmant- og trusopplæringsarbeid
• Legge til rette for at ungdom skal ha eit godt lokalt rusfritt tilbod og samtidig utvikle trua si
• Rekruttere frivillige medhjelperar
• Samarbeide med andre organisasjonar i sokna
• Trusopplæringsplanen for kvart sokn er styrande for arbeidet. Den som vert tilsett skal setje i gong arbeid med å slå planane saman. Det er utnemnt trusopplæringsutval i båe sokn, der den som vert tilsett leier arbeidet og har sekretærfunksjon.
Kvalifikasjonar/krav
• Relevant 3-årig høgskuleutdanning innan kristendom og pedagogikk
• Ha god formidlings- og samhandlingsevne i møte med born, unge og vaksne
---------------------------------------------------------------------------------------------------
Kyrkjemusikar 50 %
Arbeidsoppgåver
• Bidra med musikk i kyrkjelydsarbeid for born, ungdom og vaksne
• Samarbeide med musikkskule, barnekor, vaksenkor, folkemusikkmiljø og andre musikalske ressursar i sokna
• Utarbeide kyrkjemusikalsk plan
Kvalifikasjonar/krav
• Relevant utdanning innan musikk/formidling
• Musikalsk kompetanse som kan vere med å breie ut det musikalske uttrykket i kyrkjelydane
• God formidlingsevne
---------------------------------------------------------------------------------------------------
Kyrkjetenar 50 %
Arbeidsoppgåver
• Førebuing til og gjennomføring av gudstenester, konsertar, gravferder og vigslar i samarbeid med prest og stab.
• Sørgje for at kyrkjer og inventar i Hylestad, Valle, Bykle og Fjellgardane er godt ivareteke og klare til å gjennomføre arrangement i
Kvalifikasjonar/krav
• Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
• Kunne bruke dataverktøy og lydutstyr. Opplæring blir gjeve.
• Strukturert og sjølvstendig
• Gode samarbeidsevner
Kvalifikasjonar for alle tre stillingane
• Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja
• Tilfredsstillande politiattest ihht Trussamfunnslova § 20, må bli framlagt før tilsetjing
• Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
Me tilbyr
• Løn etter avtaleverket i kyrkjeleg sektor
• Godt sosialt og åndeleg fellesskap
• Breitt arbeidsfelt
• Fleksibel arbeidstid
• Kvelds- og helgearbeid må påreknast
• Moglegheiter for å vere med å påverke utforming av eigen arbeidskvardag
• Andre arbeidsoppgåver kan vert tillagt
• Gode forsikrings- og pensjonsordningar, pliktig medlemskap i KLP med 2 % trekk i brutto løn
• Kyrkja kan hjelpe med bustad
• Les meir om verksemda vår på www.bykle.kyrkja.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Valle og Hylestad kyrkjelege fellesråd/Bykle kyrkjelege fellesråd
Adresse
4754 Bykle
Hjemmeside
https:// www.bykle.kyrkja.no
Vil du vere med å utvikle kyrkjelydslivet for born, ungdom og vaksne i Øvre Setesdal?
Me har fem kyrkjer i sokna, med gudstenester, kyrkjelege handlingar, diakonale tiltak og trusopplæringstiltak.
Kyrkja har ledig tre 50 % stillingar som kan kombinerast om ynskjeleg. Gjev beskjed i søknad kva stillingar du søkjer på.
Kyrkjestaben har kontorfellesskap i Bykle og Valle. I staben inngår sokneprest, to kyrkjeverjer/kyrkjelydsarbeidarar og utlyste stillingar. Det leigast inn noko organisttenester i tillegg.
Om stillingen
Stillingstittel
Geistlige yrker
Antall stillinger
3
Oppstart
Etter avtale
Heltid/deltid
Deltid
Sektor
Offentlig
Arbeidsdager
Ukedager, Søndag
Arbeidstid
Dagtid, Kveld
Sist endret: 16. januar 2022
Hentet fra: DIR
Referanse: cf84f8d5-ef14-479a-b99d-02101ab82055
Stillingsnummer: cf84f8d5-ef14-479a-b99d-02101ab82055