Sjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4088635097 Presentasjon av stillingen:
Vi treng ein sjukepleiar til på laget vårt!, vi vikariat 100 % stilling arbeid kvar 3 helg. Arbeidsstaden er for tida på Volda Omsorgssenter, Otta/Karvestova Dette er to bugrupper for eldre, med 18 langtidsbuanade brukerar og ein korttidsplass .Stillinga har todelt turnus med arbeid 3 kvar helg.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg ansvar for ei bugruppe
- Delta i heilheitleg pleie og oppfølging av bebuarane.
- Ansvar for at bebuarane har ajourført tiltaksplan i Gerica.
- Ansvar for at bebuarane får naudsynt medisinsk undersøking og behandling i samarbeid med tilsynslege og andre samarbeidspartar.
- Hovudansvar for legemiddeladministrasjonen ved bugruppa.
- Ansvar for å rettleie og undervise anna personell og praksiskandidatar.
- Vere kontaktperson for bebuar og pårørande.
- Bidra aktivt til eit helsefremjande arbeidsmiljø.
- Bidra til å kvalitetssikre tenestene.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleier. Oppgi HPR-nr. i søknaden
- Kunne legge frem tilfredsstillande politiattest
- Levere eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose og mrsa
- Kjennskap til journalsystemet Gerica og at du har generelt gode datakunnskaper er ein fordel
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. (Norsktest nivå B2)
Personlege eigenskapar
- Du er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjerder.
- Du fungerer godt i teamarbeid og har evna til å delegere arbeidsoppgåver.
- Du må like å jobbe i relasjon med menneske og er opptatt av aktiv omsorg
- Du er ansvarsbevisst og løysingsfokusert.
- Du er fleksibel og liker utfordringar.
Vi tilbyr
Gode moglegheiter for kompetanseheving
Regelmessig internundervisning
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Inghild, Einingsleiar 3 etg , 70054013 , ann.solvi.heltne@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Barstadmarka 2
6100 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Volda kommune
Referansenummer:4088635097
Stillingsprosent: 100%
Startdato: 26.08.2019
Sluttdato: 25.08.2020
Søknadsfrist: 28.06.2019
Om bedriften
Volda kommune ligg sentralt på Sunnmøre, med sjukehus og høgskule i umiddelbar nærleik. Kvart år kjem 4000 studentar og set sitt preg på lokalsamfunnet. Kommunen har eit variert næringsliv og gode kommunikasjonar med omverda gjennom Kvivstunellen og Eiksundsambandet. Frå Ørsta/Volda lufthamn Hovden går det direkteruter til Oslo og Bergen. Lokalsamfunnet er i utvikling og kommunen har spenstige samarbeidsprosjekt med idretten og Høgskulen i Volda om ny idrettshall og nytt mediebygg. Volda og Hornindal kommune skal slå seg saman, og den nye organisasjonen skal vere på plass 1.1.2020.
I Volda kommune er det om lag 1000 dyktige og engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for kommunen sine innbyggjarar. I det daglege arbeidet vil vi vere rause, modige, kompetente og lærande. Ønskjer du ein meiningsfylt jobb med utfordrande oppgåver og gode kollegaer, er Volda kommune eit spanande alternativ.