Sosial- og helsefaglege stillingar (ønskeleg med vidareutdanning)
Vi har ledig 2 faste 100 % stillingar for deg med 3-årig sosial- og helsefagleg utdanning. Stillingane er ledig frå 01.10.2022.
Stillingane er p.t. i to-delt turnus med arbeid kvar 4. helg. Eine stillinga er for sjukepleiar/vernepleiar og den andre er for sosionom/barnevernspedagog/vernepleiar.
Avdeling for TSB Ålesund tilbyr tverrfagleg behandling til rusavhengige. Korttids døgn har 24 plassar, i tillegg til 3 brukarstyrte senger. Vi tilbyr utgreiing og behandling til rusavhengige både gjennom individuelle og gruppeterapeutiske tilnærmingar. Fagmiljøet ved seksjonen er tverrfagleg.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Koordineringsansvar og individuell oppfølging av pasientar
- Deltaking i tverrfagleg team
- Deltaking i miljøterapeutiske aktivitetar
- Medisinhandtering (for sjukepleiar/vernepleiar)
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig sosial/helsefagleg høgskule
- Ønskeleg med vidareutdanning og/eller erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus
- Førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Fleksibel, positiv, nytenkande og endringsorientert
- Sjølvstendig, men med evne til å samarbeide godt i team
- God skriftleg framstillingsevne
- Evne til å handtere hektiske dagar
Personlege eigenskapar blir vektlagt
Vi tilbyr
- Eit godt, raust og triveleg miljø av dyktige, engasjerte og erfarne medarbeidarar
- Internundervisning, eigne fagdagar og personalseminar
- Aktivt arbeid for å ivareta eit godt arbeidsmiljø
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Linn Therese Reiakvam, Seksjonsleiar, 70171300/ 70171337, Linn.Therese.Reiakvam@helse-mr.noArbeidssted
Vestmoa 276018 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.:4538730808
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2022
Søknadsfrist: 28.08.2022
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal