Fagarbeidar bygg
Tysnes Kommune har ledig ei 100 % stilling innan drift- og vedlikehaldsavdelinga.
Arbeidsoppgåvene vert hovudsakeleg drift, vedlikehald og tilsyn av kommunale bygg med tilhøyrande grøntområder. Du vil få utvida ansvar og oppfølging av din eigen byggportefølgje, og dagleg samarbeide med brukarar, leiarar og andre interessentar i kommunen.
Stillinga er plassert i eining for teknisk drift og vedlikehald og rapporterer til einingsleiar.
Arbeidsoppgåver
- Planlegga, gjennomføra og dokumentera dagleg drift, vedlikehald og tilsyn av kommunale bygg og anlegg i samarbeid med leiarar og brukarar
- Gjennomføra mindre byggeoppdrag i eigen regi
- Vedlikehald av uteområder, som grønanlegg og parkeringsplassar
- Bestille og styre arbeid utført av leverandørar
- Til rette kandidat kan det bli aktuelt å gå inn i vaktordning for veg, vatn og avløp.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innan byggdrift, tømring, VVS, automasjon. Mekaniske og andre relevante fagbrev vert også vurdert
- Førarkort klasse B. Førarkort klasse BE, T og C vil vera ein fordel, men ikkje eit krav
- Erfaring frå praktisk retta arbeid
- God norsk framstillingsevne, både skriftleg og munnleg
- God kunnskap i bruk av data og ulike datasystem for rapportering, kvalitetsarbeid og andre oppgåver.
Personlege eigenskapar
- Omgjelgelig med kollegaer og dei ulike brukarane i kommunen
- Er positiv, fleksibel og du ser løysingar på små og store problem
- Du har ein teknisk interesse og blir motivert av å nytta den til å finne gode løysingar for bruk, drift og vedlikehald av eit tiltak
- Du arbeider sjølvstendig, men er også klar for å samarbeida når det trengs
- Du trivst med høgt tempo og fysisk arbeid
- Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Me tilbyr
- 100 % stilling
- Utfordrande, hektisk og lærerik arbeid i eit godt arbeidsmiljø.
- God opplæring og fokus på fagleg kvalitet.
- Løn etter kommunalt regulativ.
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP.
- Ein inkluderande arbeidsplass, med gode rutinar for oppfølging og tilgang til bedriftshelseteneste.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Charles Lunde, Einingsleiar drift og vedlikehaldArbeidsstad
Uggdalsvegen 3015685 Uggdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Tysnes kommuneReferansenr.:4564223768
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2022
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.