Bioingeniør til respirasjonsfysiologisk laboratorium og forskingseininga i Lungeavdelinga
Org. nr: - Stillingsident: 4063632643 Presentasjon av stillinga:
Lungeavdelinga driv med spesialisert utgreiing og behandling av pasientar med lungesjukdommar i Helse Vest. Vi har i tillegg ein stor forskingsaktivitet i nært samarbeid med andre avdelingar og institusjonar både regionalt og nasjonalt.
Avdelinga har to sengepostar med totalt 36 sengeplassar. Av desse er 8 senger knytt til ROE/post 1 (Respiratorisk overvakingseining). Vi har og ein stor poliklinikk- og dagbehandlingseining der Senter for søvnmedisin er ein viktig del. Nasjonal kompetanseteneste for søvnsjukdommar og Nasjonal Kompetanseteneste for Heimerespiratorbehandling er og knytt til avdelinga.
Stillinga er eit 80% vikariat som er knytt til respirasjonsfysiologisk laboratorium og forskingseininga som er ein del av lungepoliklinikken. Det inngår blodprøvetaking 4. kvar laurdag på Lungeavdelinga sine sengepostar i stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Blodprøvetaking og oppfølging av studiepasientar
- Utføring av lunge-, hjarte- og arbeidsfysiologiske testar
- Den som blir tilsett må vere merksam på avdelinga si visjon, målretting og kvalitetssystem, og ha desse som rettesnor i det daglege arbeidet
- Halde seg fagleg oppdatert innan fagfeltet
- Tverrfagleg samarbeid med bioingeniørar, legar, sjukepleiarar og merkantile ved lungepoliklinikken
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett må ha norsk autorisasjon og må kunne norsk munnleg og skriftleg
- Det er ein fordel om du har erfaring med utføring av respirasjonsfysiologiske testar og blodprøvetaking
- Det er ein fordel om du har kunnskap om apparatene brukt ved lungefunksjonstesting
Utdanningsretning
- Bioingeniørfag
Utdanningsnivå
- Høyskole / Universitet, Diplom- / Bachelorgrad
Personlege Eigenskapar
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
- Du tilpassar deg lett, og er løysingsorientert og fleksibel
- Du har engasjement og interesse for forsking
Språk
- Norsk
- Engelsk
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Spennande arbeidsoppgåver i ein travel arbeidsdag
- Dagarbeid
- Høgt fagleg nivå
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Eli Nordeide, Forskingskoordinator, 55975532, Eli.nordeide@helse-bergen.no
Gunvor Mo Norstein, Seksjonsleiar lunge poliklinikk, 55974082, Gunvor.mo.norstein@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Bergen
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Bergen
Ref. nr.:4063632643
Stillingsbrøk: 80%
Vikariat deltid
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 05.05.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4063632643&company_id=53014&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.