Avd.leiar bibliotek, 30% fast
Etne Bibliotek, avdeling Skånevik, har ledig 30 % stilling f.o.m. 01.11.2020. 20 % stilling er avdelingsleiar ved Skånevik bibliotek. 10 % av stillinga er laurdagsvakter og andre vakter ved Etne Bibliotek.
Arbeidsoppgåver
Bibliotekfaglege oppgåver. Yta tenester til publikum, medverka til gjennomføring av bibliotekarrangement. Halda vedlike samlinga til biblioteket. Samarbeida med aktuelle lokale aktørar.
kompetanse:
Primært ynskjer me ein person med bibliotekfagleg utdanning, eller erfaring frå bibliotek. Personar med annan relevant kompetanse og interesse for litteratur og kultur, blir også oppmoda om å søka. Søkarar må ha god basiskompetanse innan IKT.
Personlege eigenskapar
Den som blir tilsett må vera strukturert, fleksibel og ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
Annan informasjon
Politiattest av nyare dato må visast fram.
Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.
Søknad skal sendast
Etne kommune nyttar elektronisk søknadsskjema - dersom du treng hjelp til dette, ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 53758000. Søknad vert å senda elektronisk innan fristen ved å trykkja "søk stilling" til høgre. Søkjar vert oppmoda til å laste opp elektronisk versjon av attestar og vitnemål. Originalar leggjast fram ved eit eventuelt intervju.
Dersom søkjar ønskjer å reservera seg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje
Om bedriften
Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk.