Er du vår nye jurist?
Austevoll kommune har ledig ein fast stilling på heiltid innanfor plan- og byggesaksavdelinga. Austevoll kommunen er ein vekstkommune med høg grad av næringsutvikling og ei auke i folketal. Dette gjev mange spennande arbeidsoppgåver innanfor samfunnsutvikling og utbygging. Vi søkar deg som vil vere med å forme morgondagens samfunn, og som trivst med varierte arbeidsoppgåver og tverrfagleg samarbeid.
Plan- og byggesaksavdelinga som er leia av plan- og byggesakssjef. Avdelinga har 10 tilsette innanfor fagområda bygge- og delesaker, private reguleringsplanar, oppmåling, matrikkel og forureining.
Som jurist på plan- og byggesak vil du få ansvar for behandling av byggesøknader, dispensasjonssøknader, forureiningssaker og klagesaker innanfor ansvarsområdet. Du vil få arbeide med spennande saker, førebu saker til politisk behandling og får høve til å delta i tverrfagleg samarbeid i eit kjekt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Behandling av byggesøknader og dispensasjonar etter plan- og bygningslova
- Behandling av søknad om løyve til utslepp etter forureiningslova
- Behandling av klage på reguleringsplanar, byggesaker og forureiningssaker
- Saksførebuing til politisk behandling
- Råd og rettleiing til publikum
- Klagebehandling
Andre oppgåver innanfor eininga sitt ansvarsområde kan bli tillagt stillingane.
Kvalifikasjonar
- Juridisk embetseksamen eller master i rettsvitenskap. Nyutdanna oppfordrast til å søke.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Skriftspråket er nynorsk.
- Ønskeleg med:
- Førarkort klasse B
- kjennskap til plan- og bygningslova, matrikkellova og forureiningslova, med tilhøyrande forskrifter
- kjennskap til offentleg forvaltning
- relevant arbeidserfaring frå saksbehandling
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som er:
- Sjølvstendig og strukturert
- Løysingsorientert og har gjennomføringsevne
- Lære- og samarbeidsvillig
- Positiv og har evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver
- Fagleg utvikling i eit kompetent og sosialt arbeidsmiljø
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Delvis heimekontor etter avtale
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadsfrist:
09.10.2022
Tiltreding:
Etter avtale.
Arbeidsstad:
Kommunehuset, med høve for delvis heimekontor etter avtale
Kontaktpersonar:
Sunniva Skålnes Samdal
Tlf: +47 55 08 11 04
mob: +47 930 35 639
Heimeside:
http://www.austevoll.kommune.no
Adresse:
Birkelandsvegen 2 5392 Storebø
Austevoll kommune
Austevoll er ei øygruppe og ein kommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Kommunen har eit folketal på 5.200 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 250 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!
Link til søknadsskjema: Søk her