Pedagogisk leiar
Stillingsannonsen er inaktiv.Bygland Kommune, Byglandsfjord oppvekstsenter
Byglandsfjord, 4745 Bygland
Org. nr: - Stillingsident: 4302516354 Presentasjon av stillingen:
Barnehagen på Byglandsfjord ligg vakkert til mellom skogen og kilen. Barnehagen er ein del av Byglandsfjord oppvekstsenter, og har tett samarbeider med skule og SFO for ein heilskapleg og trygg oppvekst. På avdeling Rumpetroll går barna frå 0-3 år, og på avdeling Frosk går 3-6-åringane. Alle tilsette er med på utviklingsarbeid knytt til språkstimulering i barnehagen. Saman jobbar vi for å skape ein trygg og utviklande kvardag for barna, der dei kan utfalde seg og vakse i leik og læring, Då ein av våre trufaste og dyktige medarbeidarar går av med pensjon, søkjer vi etter ein pedagogisk leiar som vil vere med på vegen vidare.
Arbeidsoppgåver
- Drive pedagogisk leiing, med hovudansvar for alle barn på avdelinga
- Lage og gjennomføre ulike planar, med dokumentasjon og evaluering av arbeidet på avdelinga
- Vere aktivt med i den daglege drifta på avdelinga, både det planlagde og det ein ikkje kan føresjå
- Legge til rette for leik inne og ute
- Gi omsorg, tryggleik og rettleiing til barna
- Rettleie og følge opp personalet på avdelinga
- Legge til rette for godt foreldresamarbeid
- Halde foreldresamtalar, avdelingsmøte og delta på foreldremøte
- Fremje samarbeid på tvers av avdelingane
- Delta aktivt i utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
Barnehagelærar
Erfaring med tilsvarande arbeid er ein føremon
Personlege eigenskapar
Engasjert og initiativrik
Ansvarleg og sjølvstendig
Evne til å sette barna si utvikling og medverknad i fokus
Evne til å kommunisere og samarbeide med føresette og kollegaer
Evne til å reflektere over eigen praksis og har ønske om å utvikle seg
Vi tilbyr
Spennande og varierte arbeidsoppgåver
Flotte uteområde med nærleik til naturen
Eit godt fagmiljø i utvikling
Erfarne og dyktige kollegaer
Eit godt arbeidsmiljø
Lønn etter tariff
Kontaktinformasjon
Hind Helene Harira, Tenesteleiar, 48180180
Arbeidssted
Byglandsfjord
4745 Bygland
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Bygland Kommune
Referansenr.:4302516354
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.11.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Bygland Kommune, Byglandsfjord oppvekstsenter
Adresse
Setesdalsvegen 2012, 4741 Byglandsfjord
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar -- stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 28. november 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4302516354_Bygland Kommune, Byglandsfjord oppvekstsenter_webcruiter
Stillingsnummer: cec4ff4c-43c5-409e-a3a8-d58dc913fa57