Einingsleiar/rektor
Ledig stilling som einingsleiar/rektor
Det er ledig 100 % fast stilling som einingsleiar ved Nesflaten oppvekstsenter frå 01.08.19.
Nesflaten oppvekstsenter har eit team med engasjerte og svert kompetente medarbeidarar. Me har fokus på den einskilde elev, på trivsel og læring. Nesflaten ligg i Øvre Suldal, og oppvekstsenteret er omgitt av flott natur, som me brukar aktivt i undervisninga i skulen og aktivitetane i barnehagen.
Oppvekstsenteret er ein del av Suldal for barn og unge med mål om tidleg innsats. Som einingsleiar vil du også vera ein del av både styrargruppa og rektorgruppa som består av engasjerte einingsleiarar frå alle barnehagane og skulane i Suldal.
Ansvar
Einingsleiar er ansvarleg for den daglege drifta, tilpassing og utvikling av skulen, SFO og barnehagen.
Einingsleiar må også undervisa i deler av stillinga si.
Me ser no etter deg, ein tydeleg leiar med gode kommunikative evner, som er initiativrik og løysingsorientert, med evne til nytenking. Du må vera utviklings- og resultatorientert i arbeid med den pedagogiske verksemda og det pedagogiske personalet.
Kvalifikasjonar
Godkjent lærar eller barnehagelærar utdanning. Dokumentert pedagogisk kompetanse.
Tilleggsutdanning innan administrasjon er ønskjeleg.
Relevant leiarerfaring er ønskjeleg
Strategisk innsikt og visjonar for oppvekstsenteret sin pedagogiske utvikling.
Gode samarbeidsevner, målretta og handlekraftig.
Evne til å motivera og inspirera alle medarbeidarane sine.
Innsikt i og evne til god økonomistyring.
Tilfredsstillande personlege eigenskapar.
Må disponera eigen bil.
Suldal kommune har nynorsk som målføre.
Generelt/Søknad sendast
Suldal kommune kan hjelpa til med å skaffa bustad.
I samsvar med § 19 i Lov om barnehage vil dei som vert tilsett, måtta leggja fram tilfredstillande politiattest.
Det er ikkje mogleg å leggja med vedlegg. Rettkjende kopiar av attestar og vitmnemål må takast med til eventuelt intervju.
Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja på stillinga digitalt. Søkjarar som ikkje kan søkja via nett, ta kontakt med servicetorget tlf. 52 79 22 00.
Suldal kommune gjer merksam på at søkjarlistene kan verta offentleggjorde.
Om bedriften
Suldal er ein del av Ryfylkeregionen og ligg nordaust i Rogaland. Det bur om lag 3800 menneske her. 1200 av desse bur i kommunesenteret Sand.Kommunen har eit godt og allsidig tenestetilbod. Det regionale kulturhuset for indre Ryfylke ligg i kommunesenteret Sand. Der ligg også regionalt idrettsanlegg og Suldalshallen.